Hjem
Globale samfunnsutfordringer
Nye prosjekt

Ph.D.-midlar til forsking på alzheimer og elbilar 

To forskingsprosjekt innan globale samfunnsutfordringar har fått midlar til å tilsette Ph.D.-stipendiatar. 

Bente Moen og Stefan Kölsch
Direktør for globale samfunnsutfordringar ved UiB, Professor Bente E. Moen, og Professor Stefan Kölsch, leiar av prosjektet om alzheimer.
Foto/ill.:
Eivind Senneset / UiB

Hovedinnhold

Dei to prosjekta tek for seg globale samfunnsutfordringar frå ulike hald. Det eine skal undersøke om song og trening kan betre livskvaliteten for pasientar med alzheimer, medan det andre skal utforske dei globale konsekvensane av Noregs elbilrevolusjon.   

Kan song og trening bremse alzheimer? 
Prosjektet som skal forske på alzheimer vert leia av professor Stefan Kölsch. Stipendiaten som vert tilsett her skal undersøke om song og fysisk trening kan bremse svekkinga av hjernen hjå alzheimer-pasientar.   

Verdas helseorganisasjon (WHO) har erklært demens som ein folkehelseprioritet, og ifølge Folkehelseinstiuttet vil nesten ein av fem utvikle demens i løpet av livet. Det gjer demens til ei global samfunnsutfordring. Alzheimer er den mest utbreidde forma for mental svekking blant eldre, og det finnast enno ingen kur mot sjukdommen.  

Musikk har stor effekt på minnet til pasientar med alzheimer, men det er lite forsking på kva fordelar dette kan ha. Forskingsprosjektet skal følge to grupper pasientar med alzheimer i eitt år, den eine gruppa skal delta i songtimar og korøvingar og den andre skal delta på fysiske treningar. Vidare vil hjernane til pasientane bli scanna, og slik kan forskarane undersøke kva effekt dette har hatt og om slike aktivitetar kan bidra til å bremse degenereringa av hjernen.   

Samla ønsker prosjektet å bidra til betre livskvalitet for pasientar med alzheimer og deira pårørande, bremse utviklinga av alzheimer og å redusere kostnadar i helsevesenet.   

Den mørke sida av elbilrevolusjonen 
Det andre prosjektet som fekk støtte vert leia av professor Håvard Haarstad. Prosjektet skal undersøke den mørke sida av Noregs elbilrevolusjon.  

Noreg er verdsleiande innan utviklinga av berekraftig og klimavennleg transport. Denne utviklinga har likevel ei klar bakside, då elbilar mellom anna er avhengig av gruvedrift på sjeldne mineral og digitale verktøy som genererer store mengder el-avfall.   

Forskingsprosjektet skal spore opphavet og produksjonskjeda til elbilane. Vidare skal prosjektet finne ut korleis produksjonen påverkar utviklinga ulike stadar i denne produksjonskjeda, inkludert kva dette betyr for ulikskap, helse og arbeidarar sine rettigheiter. Stipendiaten som vert tilsett vil også gjennomføre feltarbeid og undersøke både sosioøkonomiske og miljømessige konsekvensar av produksjonen.  

I alt skal prosjektet undersøke livssyklusen til Noregs grøne transportrevolusjon i eit globalt perspektiv. Slik vil dei også vurdere dei sosioøkonomiske implikasjonane av produksjonen og avfallskjeda for Noregs veksande elbilpark.