Hjem
Sosiologisk institutt
NY PUBLISERING AV JAN SKROBANEK (UIB), TUBA ARDIC OG IRINA PAVLOVA (HVL)

Youth Employment Mobility – experiencing (un)certainties in Europe

Vi tek for oss risiko-val-fridom-paradokset som det teoretiske utgangspunktet saman med den empiriske forskinga frå det internasjonale Horisont 2020 prosjektet MOVE om ungdomsmobilitet. Vi granskar ungdom sine generelle mobilitetserfaringar og nærare bestemt samanhengen mellom risiko, val og fridom under internasjonal mobilitet.

Verdenskart med flyruter
Foto/ill.:
Colorbox

Hovedinnhold

Mobilitet, og særleg unge menneska sin internasjonale mobilitet, har blitt eit populært tema gjennom dei siste 20 åra. Mange positive aspekt har blitt knytta til mobilitet, som til dømes auka inntekt, fleire jobb- og utdanningsmoglegheiter og individuell fridom.

 

Alternativ for ulike mobilitetsformer har aldri vore så komplekse, fleirsidige og opne som dei er i dag. Ungdom i dag – særleg i dei industrielle landa i den nordlege halvkula – nyter av opne nasjonale grenser, kan reise rundt i verda, har mange internasjonale utdannings- og jobbmoglegheiter, i tillegg til val av livsstil og partnarar som aldri før. Mobilitet gjev på den eine sida moglegheiter om å velje alternativ på bakgrunn av sine preferansar, bidrar til å transformere desse vala om til mobilitetserfaringar og såleis fremme sosial (nettverk, relasjonar) og strukturell (utdannings- og arbeidsmarknaden) integrasjon. På den andre sida, inneber internasjonal mobilitet også usikkerheit rundt oppfatningar og alternativ for livsløpsrelaterte val, uføreseielege utfall og utilsikta konsekvensar.

 

For meir informasjon og tilgang til artikkelen, sjå her.