Hjem
Sosiologisk institutt
Ny publikasjon av Atle Møen

Eit sosiologisk perspektiv på evolusjonen

I denne artikkelen argumenterer Atle Møen for at det er viktig med ein tovegskommunikasjon mellom sosiologien og eit naturalistisk perspektiv på evolusjonen. Det kan vera gode grunnar for at sosiologien treng ei naturalistisk vending, men det er like viktig å peika på at den nye evolusjonsbiologien, nevrovitskapen og den kognitive vitskapen treng ei sosial vending.

Evolusjon illustrasjon
Foto/ill.:
Colorbox

Hovedinnhold

Fra artikkelen:

"[s]osiologien kan visa biologane og hjerneforskarane eit perspektiv som kan gje innsikt i at menneskeslekta sitt evolusjonsmessige framsteg var å utvikla kollektive representasjonar, symbolsk samhandling og eit avansert språk. Menneska har ein symbolsk natur, som best kan forståast ved hjelp av Georg Herbert Mead sine omgrep om symbolsk samhandling, og Emile Durkheims analyse av at det som skil menneska kategorisk frå alle andre dyr er at dei utviklar ein symbolsk realitet av kollektive representasjonar.

I denne artikkelen vil eg først presentera ei skisse til ein historisk analyse over fylogenesen, eller framveksten av menneskeslekta Homo, der fokuset er på den stegvise utviklinga av stadig meir avanserte kognitive kompetansar. Eg drøfter særskilt to overgangar som er skildra av Merlin Donald (1993a, 2012; Bellah, 2008, 2017): Den første er overgangen frå ein episodisk kultur, som mest truleg likna på det sosiale livet til dagens sjimpansar, til ein mimetisk kultur som var kjenneteikna av bruk av enkle reiskapar, og offentlege framføringar av dugleikar (skills), ei enkel form for sosial organisering i samband med jakt og barnepass, og framveksten av eit enkelt vokalt språk. Denne kognitive kompetansen finst i den mimetiske kulturen til Homo erectus, frå om lag 1,5 millionar år sidan. I den andre overgangen skildrar Donald overgangen frå ein mimetisk kultur til ein mytisk kultur, der Homo sapiens begynte å utvikla seg for 500‒300 tusen år sidan, får kognitive kompetansar til å laga forteljingar gjennom bruk av eit komplekst språk (Donald, 1993a, s. 2).

I det neste avsnittet går eg meir grundig inn på den første overgangen til ein mimetisk kultur, og viser i denne samanhengen til at dette enkle vokale språket både kan forståast gjennom Meads analyse av framveksten av meiningsfulle vokale gestar, og gjennom omgrepet «musilanguage» som er eit omgrep som er utvikla innanfor eit Durkheim-perspektiv."

 

Artikkelen er publisert i Tidsskrift for samfunnsforskning, og du kan lese den på Idunn.no.