Hjem
Sosiologisk institutt
Møen kaster sosiologisk lys over aktuelle tema

Innsyn og utsyn. Undervegs

Oppvakning frå «Den amerikanske draumen», Koronaen og mykje meir. Ei samling lett omskrivne avisinnlegg frå professor Atle Møen.

Forside
Foto/ill.:
Bora

Hovedinnhold

Atle Møen gjev ut essaysamlinga «Innsyn og utsyn. Undervegs» Desse tekstane som han publiserer her i denne essay-samlinga er «Undervegs» på fleire måtar. For det første er det lett omskrivne avisinnlegg, for det andre er det skisser som han vil skriva meir på, og for det tredje er denne essaysamlinga «Undervegs» på den måten at han også vonar på at eit forlag vil gje ut denne vesle boka. I Møen sitt faglege virke har det alltid vore viktig å formidla sosiologiske innsikter til studentane, og stundom skriva om aktuelle hendingar, og å forsøka å kasta eit sosiologisk ljos over den verda vi alle lever i. Desse små tekstane er skrivne med engasjement og interesse. Tittelen på boka er Innsyn og Utsyn, og dette viser til at Atle Møen forsøker å få eit relativt detaljert innsyn i nokre detaljar, og på denne måten kan vi kasta ljos over generelle fenomen i dagens samfunn, altså skaffa oss eit utsyn over allmenne fenomen. Møen skriv om amerikansk politikk, Koronaen, terror, konspirasjonsteoriar, vilkår for demokrati og myndige menneske, og Møen har eit oppslag om bruk av skjønn i eit digitalisert samfunn.

 

Les samlinga her.