Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-GFFYS Fysisk oseanografi, vår 2024

Namn på grad

Master i meteorologi og oseanografi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Masterprogrammet i meteorologi og oseanografi, studieretning fysisk oseanografi, gir studenten ei grundig forståing for fysikken og særskilt dynamikken i havet, som vind- og tettleiksdriven straum, samt blandingsprosessar og tidvatn.

Masteroppgåva gjev avansert og djup forståing i eit utvalt oseanografisk emne. Studiet tek opp tema som spenner frå lokal (fjord, kyst, sokkel) til global skala, inkludert polare område. Studiet famnar òg om bruk av avanserte statistiske og numeriske metodar, oseanografiske målingar, og teoretisk analyse, samt formidling til eit fagpublikum. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsprosjekt, og ein sentral del av masterstudiet, der studenten under rettleiing bidreg med ny kunnskap.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap¿

Kandidaten

  • kan nytte fagterminologien om havet og fjordar sin dynamikk, fysikk og termodynamikk og kan vise til avansert kunnskap om disse
  • kjenner til og kan ta stilling til aktuell oseanografisk forsking og debatt innan tilknytta fagområde¿
  • kjenner til den samfunnsmessige relevansen og utfordringane innan operasjonell varsling, havbruk og havforskning¿¿
  • har avansert kunnskap om matematiske, statistiske og numeriske metodar til analyse av geofysiske data¿¿
  • kjenner til tverrfaglege problem med relaterte disiplinar, som klima, meteorologi, informatikk og geovitskap¿

Ferdigheter¿

Kandidaten¿

  • kan bruke avanserte oseanografiske instrument for å utføre pålitelege målingar¿og forstår dei underliggjande måleprinsippa samt kilder til usikkerhet¿
  • kan kritisk vurdere datakvalitet og geofysiske informasjonskjelder, og jobber systematisk med feil og usikkerheiter fra målinger¿
  • kan nytte avanserte matematiske og statistiske metodar for analyse og visualisering av oseanografiske problem ved bruk av koding
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing
  • kan bruke kunnskapen sin på nye vitskaplege problem innan fysisk oseanografi og tilknytta fagområde

Generell kompetanse¿

Kandidaten¿

  • kan formulere og diskutere analytiske strategiar og gjennomføre analysar¿av samansette problemstilinger
  • kan jobbe med faglege spørsmål individuelt og i grupper
  • kan analysere, tolke og diskutere sine eigne resultat på ein vitskapleg forsvarleg og kritisk måte¿
  • kan presentere munnleg og skriftleg, og forklare og diskutere komplekse problem med fagfeller¿
  • har kunnskap om, og respekterer vitskaplege verdiar som openheit, presisjon og ansvar, og veit skilnaden mellom vitskapleg kunnskap og meining¿

Opptakskrav

Bachelorprogram i vêr, hav og klimafysikk eller tilsvarande.

Andre bachelorgrader som kvalifiserer

Har du bachelorgrad i anvendt matematikk eller i fysikk kan du vere kvalifisert om du har minst 20 SP valemne i meteorologi og oseanografi, eller teoretisk og anvend fluidmekanikk. Bachelorgrad i fysikk med solide kunnskapar i fluidmekanikk vil òg vurderast.

Opptaksgrunnlag

blir berekna med utgangspunkt i spesialiseringa slik:

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Du må ha fullført ein bachelor i vêr, hav og klimafysikk eller i eit tilsvarande felt. Du treng kompetanse i meteorologi, inkludert grunnleggjande kunnskap om klima og atmosfærefysikk. Du bør ha grunnleggjande kunnskap om teoretiske og eksperimentelle metodar innan meteorologi, i tillegg til programmering og dataanalyse. Vidare er godt grunnlag i matematikk som lineær algebra, funksjonsteori, partielle differensiallikningar, Fourieranalyse, statistikk tilrådd. Det er òg viktig å ha gode kunnskapar i fysikk som klassisk mekanikk, fluiddynamikk og, termodynamikk, og kontinuumsmekanikk.

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: Emnedel og mastergradsoppgåve.

For studentar som startar hausten 2024:
Emna GEOF313, GEOF310, GEOF346 og GEOF337 og GEOF339 er obligatoriske. I tillegg kjem 15 studiepoeng med valfrie emne, som du vel i samråd med rettleiar.

Rekkjefølge:
4. semester: Masteroppgåve
3. semester: Masteroppgåve
2. semester: GEOF337, GEOF339, valemne
1. semester: GEOF313, GEOF310, GEOF346

Masteroppgåva: GEOF399 Masteroppgåve i meteorologi og oseanografi er på 60 studiepoeng. Det er tilrådd at studenten startar med masteroppgåva i tredje semester. Masteroppgåva skal leveras innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni. Det er mogleg å skrive masteroppgåva med rettleiarar frå eksterne forskingsinstitutt eller fagrelevante bedrifter.

Tilrådde valemne

Emna skal veljast i samråd med rettleiar. Emna GEOF301, GEOF338, GEOF343, GEOF347, GEOF348, MAT330, GEOF321 er blant dei mest aktuelle.

Omfang masteroppgåva

I samråd med rettleiaren din skal du velje ei master-oppgåve tilsvarande 60 studiepoeng, men det kan også bli gitt ei oppgåve med eit omfang på 30 studiepoeng (spesialpensumet aukar da med 30 studiepoeng). Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Døme på oppgåver kan vere innan kystfjorddynamikk, operasjonell oseanografi, fjernmåling, fysisk-biologiske koplingar, polar oseanografi, blandingsprosessar i havet, dynamisk oseanografi, overflatebølgjer.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta "Obligatoriske emne".

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet gjennom ERASMUS-programmet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Det er mogleg å skriva masteroppgåva ved UNIS.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning for emna i masterstudiet skjer i form av førelesingar, seminar, eksperiment, feltarbeid, tokt, rekneøvingar, gruppeøvinger, dataøvingar, diskusjonar og presentasjon. Geofysisk institutt har eit fokus på å brukar aktive undervisningsmetodar og inkludera studentane i avgjersler som angår enkeltemne og studiekvardagen elles. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurdering av emna i masterstudiet skjer i form av skriftleg og munnleg eksamen, skriftlege rapportar eller andre innleveringar, godkjend deltaking i undervisning og feltarbeid, og munnlege presentasjonar. Studentane får òg fortløpende tilbakemeldinger undervegs. Vurderingsformane for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt nærmere i emnebeskrivinga. Masteroppgåva vert vurdert av ein sakkyndig komite. Studiet vert avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, og blitt vurdert og godkjent som en del av masteroppgåva.

Relevans for arbeidsliv

Våre fysiske oseanografar er ettertrakta. I tillegg til anerkjend og etterspurd fagleg ekspertise, får du nødvendig kompetanse for det kunnskaps- og innovasjonsbaserte arbeidslivet som koding, lagarbeid, prosjekthandtering og kritisk tenking. Du kan gjere karriere i alt frå konsulentselskap, via grøn innovasjon og offentleg forvaltning, til forsking og utdanning. Arbeidsoppgåver inkluderer rådgjeving for næringsliv og samfunnstryggleik; utvikling, innovasjon og forsking for klimatilpassing og berekraftig samfunnsutvikling; prognosar og forvalting av fornybare energiressursar; planlegging og risikovurdering innan til dømes forsikring, ressursforvaltinga og havbruksnæringa. Ekspertar innan samfunnskritisk verksemd som havovervaking er det alltid bruk for. Mange av våre studentar rekrutterast difor til havbruksnæringa og offentlege kunnskapsleverandørar som Havforskingsinstituttet, Meteorologisk institutt og Norsk Polarinstitutt, og til internasjonale innovasjonsretta selskap som StormGeo. Ei mastergrad i fysisk oseanografi gir formelt grunnlag for opptak til ph.d.-programmet og vidare forsking innan fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk og marin biogeokjemi. Du vil o¿g vere godt egna for a¿ drive formidlingavhav-ogklimainformasjongjennomulikemedium,ikkjeminstknytttilhavnæringane. Sist, men ikkje minst, saman med pedagogisk utdanning, kan ei mastergrad nyttast til ei karriere som lektor og utdanninga av komande generasjonar naturvitarar.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Adminstrativt ansvarleg

Geofysisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studieveileder@gfi.uib.no