Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-INFVI Visualisering, vår 2024

Namn på grad

Mastergrad i informatikk - visualisering

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.

Mål og innhald

Mål:

Masterstudentar i informatikk med studieretning visualisering har etter fullført studie monalege kunnskapar og ekspertise innan visualisering, datagrafikk og interaktive metodar, så vel som ekspertise innan relatert programmering.

Visualisering er eit interdisiplinært fagområde som gjev studentane overblikk over spesialiserte områder som medisin, biologi og geovitskap. Gjennom masterstudiet får studentane ein grundig introduksjon til vitskaplege arbeidsprinsipp, som til dømes å gjere greie for nyaste forsking i faget og å kunne presentere sitt eige arbeid.

Innhald:

Visualisering er eit fagområde med framveksande relevans i datavitskap med mange bruksområder. Avansert datagrafikk blir brukt til å formidle innsikt frå store og komplekse datasett. Data kan vere ulike målingar, til dømes frå medisinske 3D skannarar eller seismikk/sonar, datasimuleringar (t.d. væskedynamikk) eller frå kompleks modellering, som modellering av dynamiske system ved bruk av differensiallikningar.

Visualisering tar for seg interaktiv utgreiing og analyse av data og presentasjon av resultatet. Meiningsfulle dømer på visualisering er volumgjengjeving av medisinske 3D-bilete, visualisering av luftstraumen rundt bilar og fly (aerodynamikk), og visualisering av store hierarkiske datastrukturar som t.d. filsystemet på ei datamaskin.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • Kan gjere greie for grunnleggjande prinsipp innan datagrafikk og visualisering.
  • Kan anvende ulike tilnærmingar til visuell analyse og/eller vitskapleg visualisering av praktiske problem.
  • Kan beskrive passelege visualiseringsløysingar for ulike scenario.
  • Kan finne og bruke relatert vitskapleg arbeid ved løysing av praktiske problem.
  • Kan gjere greie for prinsipp innan programmering, som inkluderar GPU programmering.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • Kan utforme løysingar for grunnleggjande informatikkproblem innan grafikk og visualisering.
  • Kan demonstrere problemløysing i samsvar med vitskaplege arbeidsprinsipp.
  • Kan arbeide med ulike typar data.
  • Kan utvikle program for informatikk og data-analyse.
  • Kan kommunisere effektivt.

Generell kompetanse

Kandidaten

  • Kan klassifisere visualiserings- og datagrafiske teknikkar
  • Kan argumentere for ei bestemt løysing
  • Kan kommunisere ei bestemt løysing
  • Kan organisere og strukturere ei bestemt problemløysingstilnærming i eit gruppemiljø.

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad frå Institutt for informatikk, UiB (BAMN-BINF, BAMN-DSIK, BAMN-DTEK, BAMN-DVIT, BATF-IMØ, BAMN-INF)
  • Bachelorgrad i Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) med minst 15 STP (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) matematikk valgemner
  • Bachelorgrad i Kognitiv vitskap med spesialisering informatikk
  • Bachelorgrad i kunstig intelligens (BASV-AIKI) kvalifiserer dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget). Minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 av desse 80 studiepoenga må være matematikk. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 / INFO104 tel som informatikkemne. INF-emne og INFO-emne som er ekvivalente med INF-emne tel som informatikk-emne.

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Bachelor Dataingeniør fra HVL
  • Bachelor Informasjonsteknologi fra HVL
  • Bachelor kommunikasjonsingeniør fra HVL

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna (ikkje STAT100). MNF130 (og tilsvarande emne) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Søkjarar må ha omfattande programmeringserfaring i minst eit programmeringsspråk. Det er sterkt tilrådd at emnet INF250 Dataorientert visuell berekning inngår i bachelorgraden. Interesse for andre realfag eller tekniske fag er svært nyttig. Matematikk tilsvarande MAT105/MAT111 er tilrådd.

Obligatoriske emne

Studiet består av to komponentar: emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng, der masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Emnedelen er organisert som ei rekkje emne i ei logisk rekkjefylgje. Det betyr at vidaregåande emne byggjer på grunnleggjande emne og at ein kan spesialisere seg i ulike retningar etter interesse.

For vellukka fullføring av dette masterprogrammet må ein bestå dei følgjande emna:

INF250 (bør fullførast som del av bachelorgrad), INF251, INF252, INF319 og INF358. INF234 er obligatorisk for alle masterstudentar i informatikk.

Andre emne utover desse vil kunne bli naudsynte for å oppnå 60 studiepoeng. Desse er valemne og kan veljast i samråd med rettleiar.

Standardprogrammet for denne mastergrada er som følgjer (med utgangspunkt i at INF250 er teken frå før):

1. semester haust: INF234, INF251, INF358

2. semester vår: INF319, INF252, Oppgåve

3. semester haust: Valemne, Oppgåve

4. semester vår: Oppgåve

Fleire variasjonar av denne planen er mogleg, inkludert:

  • Dersom studenten ikkje tok INF250 som del av bachelorgraden, bør INF250 bli teken andre semester i staden for INF319. INF319 bør då takast i tredje semester i staden for valfaget.
  • Dersom studenten tok INF251 som del av bachelorgraden, bør INF319 takast første semester og ein må velje eit anna valfag i samråd med rettleiar
  • Dersom studenten startar på våren og dei tok INF250 som del av bachelorgraden, bør INF252 og INF319 takast første semester og INF251, INF358 og INF234 på hausten (andre semester). Mastergradsoppgåva vil då strekke seg over heile tredje og fjerde semester.
  • Andre variasjonar er mogleg i samråd med rettleiar.

I utgangspunktet er emna organisert i logisk rekkjefølgje slik at dei meir avanserte emna byggjer på meir grunnleggjande emne.

Betyding av emnekodar:

INF250 Dataorientert visuell berekning (frå bachelorgraden)

INF251 Grafisk databehandling

INF252 Visualisering

INF234 Algoritmar

INF319 Individuelt prosjekt

INF358 Seminar i visualisering

INF250 Dataorientert visuell berekning.

Dette emnet set fokus på grunnlaget til dataintense informatikkprosjekt, meir spesifikt prosjekt med visuell utrekning. Grunnlaget inkluderar naudsynt matematisk grunnkunnskap på brukarnivå og grunnleggjande programmering.

INF251 Grafisk databehandling.

Dette emnet er ein introduksjon til datagrafikk og har nye mastergradstudentar eller gamle bachelorgradstudentar som målgruppe. Emnet gir ein viktig teknisk og teoretisk basis for vidare studie i visualisering.

INF234 Algoritmar

Emnet inkluderar avanserte metodar for design og analyse av diskret algoritmar. Eit sentralt tema i emnet vil vere korleis ein løyser NP-vanskelege problem, til dømes ved avgrensa inndata eller ved tilnærmande algoritmar, randomiserte algoritmar eller parametriserte algoritmar. Emnet gjev òg verktøy til å handtere forandringar undervegs i ein algoritme.

INF319 Individuelt prosjekt

Emnet handlar om å realisere eit programmeringsprosjekt i visualisering. Prosjektet må spesifiserast, utformast og implementerast. Studenten må planleggje og kome opp med ei gjensidig avtale saman med rettleiar.

Studieplanen bør fullførast i avtale med rettleiar for å leggje til rette for eit godt grunnlag fram mot mastergradsoppgåva.

Masteroppgåva: INF399 Masteroppgåve i informatikk er på 60 studiepoeng. Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande. Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

10 studiepoeng i mastergraden er valfrie og skal veljast i samrå med rettleiar.

MAT262 er tilrådd.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva i visualisering er eit forskingsrelatert stykke praktisk arbeid. Den krev at studenten har oppnådd solid kunnskap innan forskingsfeltet som visualisering er. Oppgåva består av tre trinn. Det første trinnet går ut på å skaffe kjennskap til forskingsemne, fagvurdering av siste nyvinningar og ei detaljert utforming av oppgåveplan inklusivt tidsperspektiv/timeplan. Det andre og største trinnet er realisering av arbeidet, typisk ved å programmere. Det er kjernen av arbeidet der man eksperimentelt validerer den vitskaplege hypotesa for oppgåva. Siste trinn går ut på å skriftleg forsvare og gjere greie for det vitskaplege resultatet av oppgåva.

Gjennom første semester vil studenten få kontakt med rettleiar, som er ein av forelesarane frå visualisering. Saman med rettleiar vel ein eit emne for masteroppgåva og utarbeidar timeplan og set opp milepålar for masteroppgåva. Oppsettet for oppgåva er eit prosjekt med arbeid tilsvarande 60 studiepoeng. Prosjektet må leverast innan den toårige ramma for masterstudiet.

Vurderingsformer

Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A til F.

For masteroppgåva blir ein bokstavkarakter nytta.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Etter fullført mastergrad i visualisering vil studentane ha mange moglegheiter. Ein er vel budde for alt IT-relatert arbeid. Dei vil vere særleg vel skikka for FoU i visualisering og 3D-grafikk. Typiske jobbar er utvikling av system for CAD og GIS, utvikling av medisinske arbeidsstasjonar, design og utvikling av programvare for visuell analyse og utnytting av data frå industrien (t.d olje- og gassindustrien, fiskeri, bildesign). Kandidatane vil o¿g ha kunnskap for utvikling av spel, utvikling av 3D-modellering og forretningsgrafikk, programmering av grafikkmaskinvare, og brukargrensesnitt for alt frå mobiltelefonar til VR (virtual reality) omgjevnadar.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Adminstrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 00