Hjem
Senter for vitenskapsteori
Nyhende

Gjeve teaterprisar til kunstnarisk forsking

Gjesteforskar ved Universitetet i Bergen fekk to Hedda-prisar for det filosofiske lesedramaet Triggersystemet.

Publikum som ser på fire menneske som les frå eit stykke, ein skjerm til venstre for dei
Frå samhøyringa av Triggersystemet hos Senter for vitskapsteori i Parkveien 9, 11. januar 2025.
Foto/ill.:
Transit-Teatret

Hovedinnhold

Under Heddaprisen 2025 gjekk to av prisane til Tore Vagn Lid, kunstnarisk leiar av Transit-Teatret, professor ved NTNU og gjesteforskar ved Senter for vitskapsteori (SVT) ved UiB. Lid fekk prisane Beste teaterframsyning og Beste scenetekst for Triggersystemet – I: Vivariet. Han var også nominert i kategoriane Beste regi og Beste audiovisuelle design.

Kunstnarisk forsking

I tillegg til å vere eit lesedrama er Triggersystemet også eit fleirårig kunstnarisk forskingsprosjekt ved Institutt for kunst- og medievitskap ved NTNU, der SVT er ein av partnarane.  Andre partnarar er Black Box Teater i Oslo, Festspillene i Nord-Noreg, Riksteatret, Dramatikkens Hus og Kunstnerhuset Wrap. I sentrum av arbeidet står den performative, audiovisuelle realiseringa av Triggersystemet på scena. Høyr Lid fortelje om Triggersystemet som kunstnarisk forsking her:

Ei framsyning som hyllar teateret si eigenart

I grunngjevinga si berømmer juryen Triggersystemet for ein «smart, eventyraktig og underlig originaltekst som aldri er påståelig, men heller ikke redd for å være politisk», og som ei framsyning som hyllar «teatrets egenart, kraft og overlevelsesevne med et virvar av sterke og originale virkemidler. Lid seier det følgande om stykket sitt:

"Triggersystemet er egentlige den dramatiske historien om et bergingsforsøk; hvor den gamle - noen vil kanskje si, gale forskeren og professoren som selv kaller seg; «Kaptein Noah», tar med seg sine elskede insekter på en desperat flukt for å berge dyrene - og seg selv fra en storflom av kriser og kriger."

Samhøyring og bokslepp ved Senter for vitskapsteori

I januar 2025 arrangerte SVT og NTNU ei samhøyring av Triggersystemet i SVT sine kontorlokale i ærverdige Parkveien 9 for spesielt inviterte gjester. Kulturmeldar Britt Sørensen var blant desse, og skreiv det følgande på si Facebook-side:

– Når du går til en forestilling med Transiteateret, vet du at hjernevindingene dine kommer til å slå gnister. At hodet på et eller annet tidspunkt føles som om det tar fyr. Så også med «Triggersystemet», Tore Vagn Lids filosofiske lesedrama (…).

Til hausten kjem Triggersystemet i bokformat på Cappelen Damm, og då blir det boklansering i samarbeid med SVT i oktober.

Eit unikt perspektivmangfald

Rasmus Slaattelid, senterleiar ved SVT, tykkjer det er fascinerande å sjå framsyninga i eit vitskapsteoretisk perspektiv; korleis ho integrerer ulike kunnskapsformer, også vitskaplege, i eit særeige kunstnarisk formspråk der musikk, scenografi, film, dramaturgi og skodespel/lesing saman skaper eit unikt perspektivmangfald.

– Kunst kan ikkje reduserast restlaust til forsking, men kunsten kan innlemme både forskingresultat og forskinga som livsform på måtar som forskarar elles har vanskeleg for å få til.

Opnar Festspela i Nord-Noreg

I påvente av boka er det mogleg å få med seg stykket til helga, då Triggersystemet 1 & 2 er opningsframsyninga under Festspillene i Nord-Norge 21.-28. juni.

Her får publikum sjå både den første, Hedda-prisbelønna delen «Vivariet»,  som hadde premiere på Black Box Teater i Oslo i fjor, samt urpremiere på andre del: «Brunsneglens lange natt» - med Bjørn Sundquist i rolla som brunsnigelen.

Lanseringsvideo:

Hva er Triggersystemet? (lanseringsvideo, Festspillene i Nord-Norge 2025)

Produsent:
Transit-Teatret