Tryggleik og beredskap: Kultur, krise og kontroll i urolege tider
SVT sitt symposium i 2025 utforskar korleis tryggleik som omgrep gjennomsyrer den kulturelle førestellingsevna vår og institusjonane sin respons.
Hovedinnhold
Om symposiet
I ei tid truga av økologiske vippepunkt, geopolitisk ustabilitet og ukontrollerbar teknologisk akselerasjon, har tryggleik vorte ei sentral tolkingsramme som samfunn nyttar for å forstå og møte utfordringane sine.
Dette symposiet utforskar korleis tryggleik som omgrep gjennomsyrer den kulturelle førestellingsevna vår og institusjonane sin respons – frå dei djupe strukturane i det moderne samfunnet si fiksering på kontroll, til det akutte behovet for å navigere i samtidige og komplekse problemstillingar.
I ein kultur heimsøkt av både reelle og opplevde trugsmål som klimaendringar, atomkrig, gjennomgripande digitalisering, energi- og matvaremangel, anomisk krig og hybride konfliktformer, svekking av liberale demokrati, manipulering av frie val, nedgang i pollinatorar, tap av biologisk mangfald, avgrensingar i ytringsfridom – inkludert akademisk fridom og uavhengigheit – valdsbruk i offentlege rom og svekking av tillit, spør vi:
Er tryggleik eit egna middel for å opprette og utøve kontroll? Kan vi førestille oss andre framtider? Eller er tryggleik, i si opphavlege tyding som ein tilstand utan bekymring, nettopp den tilstanden vi bør uroa oss mest over?
Gjennom fire tverrfaglege sesjonar vil vi undersøkje korleis uvisse og behov for tryggleik kan forme og gjennomsyre tenkinga vår, kor trygge vi kjenner oss, sjølvstendet vårt og fellesskapa våre, i ei tid der desse spørsmåla tek stadig meir plass i politiske diskursar, teknovitskaplege praksisar og samfunnsplanlegging som prøver å handtere det som ikkje kan planleggast.
Velkomen til ein dag med kritisk refleksjon og engasjert dialog om det kulturelle grunnlaget for tryggleiksparadigmet, og korleis det manifesterer seg i samtida vår.
Påmelding
Bli med på samtalen! Symposiet er ope for alle, men grunna avgrensa kapasitet anbefalar vi at du melder deg på i god tid for å sikre deg ein plass. Symposiet blir halde på engelsk.
Påmeldinga er no stengt - fristen var 21. november kl. 12.
Program
| 08:30 | Dørene opnar - kaffi, te og forfriskingar |
| 09:00-09:15 | Opningshelsing ved Eivind Heldaas Seland, prodekan for forsking og formidling ved Det humanistiske fakultetet, UiB |
| 09:15-09:30 | Opningsord ved Jan Reinert Karlsen, førsteamanuensis ved Senter for vitskapsteori ved UiB og leiar for programkomiteen. |
| 09:30-10:45 | Sesjon 1: Geopolitikken i kunstig intelligens, sjølvråderett og framtida til liberale demokrati: To perspektiv Førelesingar og samtale
|
| 10:45-11:00 | Kaffipause |
| 11:00-12:30 | Sesjon 2: Snikande tryggleikstrugsmål og økologiske vippepunkt Panelsamtale
|
| 12:30-13:30 | Lunsjpause |
| 13:30-15:00 | Sesjon 3: Utrygge sinn»: Korleis blir dei handtert i strafferett, psykiatri og offentleg forvaltning? Panelsamtale
|
| 15:00-15:15 | Kaffipause |
| 15:15-16:00 | Sesjon 4: Å leve med og utan bekymringar: Alternativ til tryggleiksparadigmet Hovudinnlegg
|
| 16:00-16:30 | Avsluttande kommentarar og uformell samtale
|