Hjem
Studentsider
erasmus+

Joseph Haydn Konservatorium des Landes Burgenland og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByEisenstadt
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er tilrettelagt for studentar som går på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise ut i det 3. studieåret. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Du kan ta utøvande emne som erstattar hovedinstrument (25 studiepoeng) og utøvande støttedisiplin (5 studiepoeng) og i tillegg 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Joseph Haydn Konservatorium blei etablert i 1971, og har i dag rundt 320 studentar. Konservatoriet ønsker å være «eit levande monument» for komponisten Josef Haydn. Dei har flest studieløp innan dei klassiske stilartane, men òg det finst òg avdelingar for jazz og populærmusikk. Campusområdet ligg sentralt i Eisenstadt, rett ved byparken.

Eisenstadt er ein liten by med rundt 13 500 innbyggarar og ligg nær grensa til Ungarn, heilt lengst aust i Austerrike. Byen er mest kjend for å være heimbyen til Joseph Haydn og har fleire kulturbygg til hans minne, deriblant Haydnsaal i slottet Esterházy og Haydn museum, som ligg i huset der han ein gong budde. Eisenstadt arrangerer dessutan både Haydn-festival og Haydn-festspel kvart år.

Bustad

Konservatoriet har fleire studentbustader sentralt i Eisenstadt der internasjonale studentar kan leige rom. Det er òg mogleg å finne rimelig prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Joseph Haydn Konservatorium

Informasjon