Hjem
Marin klynge

Den marine klyngen

Marineholmen samlar banebrytande miljø innan marin forsking og utdanning. Den marine samlokaliseringa vert eit kraftsentrum på Vestlandet.

Hovedinnhold

Meir enn 150 verksemder og tusenvis av menneske har sitt daglige virke på Marineholmen. Saman utviklar dei kunnskap om havområda våre, marine ressursar og akvakultur.

Slik kan vi gjere berekraftig verdiskaping i dei marine næringane mogeleg.

Studentar i laboratorium
Foto/ill.:
Thomas Morel

På Marineholmen har ein skapt eit unikt sampel mellom studentar, forskarar, forvaltarar, gründerar og næringsliv. Her ligg UiB sin marine biologi med studentar og forskarar. Her ligg Industrilaboratoriet, Bergen teknologioverføring og innovasjonsklyngene GCE Ocean Technology, NCE Seafood Innovation Cluster og NCE Maritime CleanTech, og veldig mange små og litt større innovasjons- og oppstartsverksemder knytta til desse.

Her ligg forskings- og forvaltingsverksemder som Nansensenteret, NIVA, NINA, Veterinærinstituttet og Mattilsynet, og her ligg store verksemder i havnæringane som Lerøy Seafood Group, Cargill, DNV GL og Salmon Group.

I ein 2021-rapport frå ConnectedPlaces - ein av Storbritannias største innovasjonskatapulter - får Marineholmen status som eit særskild eksempel på ein innovasjonshub.

Dei held fram:

  • Long-term approach to return on investment, resulting in investment in key innovation infrastructure and creating open public spaces
  • Facilitating a rich programme of events and generous sharing of successes with partners to create network effects and sustain a shared long-term focus
  • Careful curation of the community and alignment between interests of real estate with its tenants and other stakeholders
  • Up-front infrastructure investment costs shared by larger organisations, enabling SMEs to develop and test scalable solutions affordably
  • A critical mass of anchors, agencies and institutions serving one primary niche but fostering healthy competition to encourage faster development
  • Les hele rapporten: HUBS OF INNOVATION

Her er ei oversikt over nokre av aktørane:

Forsking og utdanning

Gründer/nyskaping/innovasjon

Næringsliv

Dette er visjonane for kva Marineholmen kan bli:

Marineholmen 2017

Produsent:
GC Rieber Eiendom