Hjem
Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi
INFOSIDE

Polyfons faglege plattform

Kunnskapsklynga Polyfon arbeider nasjonalt for å styrke det tverrfaglege samarbeidet om musikk som folkehelseressurs og for at musikkterapi skal vere tilgjengeleg for alle som ønskjer og treng det.

Hovedinnhold

Det faglege grunnlaget for ein nasjonal samarbeidsstruktur

Polyfons faglege plattform skisserer det faglege grunnlaget for Polyfon som ein permanent, nasjonal samarbeidsstruktur.

Dokumentet gjeld frå april 2021 og erstattar prosjektskissa frå februar 2014, som var det faglege grunnlagsdokumentet for Polyfons prosjektperiodar 2015-2020 og for interimsperioden i 2021.

Eit tverrfagleg felt

Klyngesamarbeidet omfattar tenesteutvikling, forsking, utdanning og formidling. 

Som det går fram av dokumentet, blir ikkje musikkterapi forstått snevert som ein metode, men som eit tverrfagleg felt som kan stimulere samarbeid og samskaping for ressursorienterte, brukarinvolverte og berekraftige tilbod og tenester.