Polyfons strategiprosess 2023
Styringsgruppa for Polyfon har vedtatt at kunnskapsklynga skal gjennomføre ein strategiprosess i 2023. Kva og kor vil vi med kunnskapsklynga Polyfon? Vi ønskjer DINE innspel velkomne!

Hovedinnhold
Informasjon om Polyfons strategiprosess
Vi ønskjer at Polyfons strategiprosess i 2023 skal vere inkluderande og demokratisk. Her finn du informasjon om korleis DU kan kome med innspel:
Hovuddiskusjonane i strategiprosessen er definerte slik:
- Visjon og verdiar
- Hovudmålsetjing og delmålsetjingar
- Satsingar
- Verkemiddel
- Andre tema som kjem opp i innspelsprosessen
Strategien vil ha status som ei oppdatering og utvikling av Polyfons faglege plattform. Formelt er dette eit vedlegg til den avtalen som regulerer klyngesamarbeidet.
Polyfon arbeider altså for kunnskapsinformert bruk av musikk som helseressurs og byggjer eit nasjonalt samarbeid om formidling, tenesteutvikling, forsking og utdanning.
Klynga vil bidra til fagleg nytenking og samskaping som gir folk nye og betre tilbod. Polyfon er i utvikling og aktørar frå heile landet er velkomne til å melde seg inn i klyngesamarbeidet.
Ønskjer du å gje innspel? Bruk skjemaet du finn nedanfor. Innspela som kjem inn vert vurderte både av Polyfons strategigruppe og av styringsgruppa.
Tidsfristar: Hovudinnspela frå klyngedeltakande organisasjonar bør kome før 20. oktober. Individuelle innspel tar vi i mot fram til 20. november.
Lenke til skjema finner du her: skjema for innspill til strategiprosessen