Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning

Ida Blom

Kven var Ida Blom (1931-2016), og kvifor er bygget der Senter for Kvinne- og Kjønnsforskning låg tidlegare i oppkalt etter henne?

Ida Blom (1931-2017)
Ida Blom (1931-2017)

Allégaten 34, huset der Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) haldt til fram til slutten av 2017, er oppkalt etter kvinnehistorikaren Ida Cara Blom (1931-2016). Ida Blom tok utdanninga si i historie og leverte doktoravhandlinga ”Nasjonal reisning” i Bergen i 1971. På 1980-talet var ho med på å starte opp internasjonale kvinnehistorikar-konferanser. Ho har arbeidd for at kvinne- og kjønnshistorie skal integrerast i undervisninga på alle nivå i historiefaget. I 1992 fekk ho Brageprisen for ”Cappelens kvinnehistorie I-III”. I 1996 æresdoktor ved Københavns Universitet. I 1999 heidra som ærespresident for IFRWH, den internasjonale foreininga for forsking i kvinnehistorie. I 2007 vart Blom teken opp som utanlandsk æresmedlem i American Historical Association. I 2001 vart ho utnemnt til kommandør av St. Olavs orden. Ida Blom var Professor Emeritus ved UiB fram til ho gjekk bort i 2016.