Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Åpen dag

Med kjønnsperspektiv på rettssikkerhet

Kva lærer ein eigentleg når ein tek kjønnsstudier, kvifor er det viktig å studere kjønn, og kva kan ein bruke ein bachelor i kjønnsstudier til? Under åpen dag ved Universitetet i Bergen gav Kurt-Rune Bergset elevar fra videregående skole ei innføring i kjønnstudiar, og mangfaldet av tema og problemstillingar innan fagfeltet.

Justitia figur
Justitia er et symbol for lov og rett, der sverdet står for rettshåndhevelsen, vekta for dømmende virksomhet og bindet for upartiskhet.
Foto/ill.:
colourbox.com

Hovedinnhold

I løpet av to skuletimar tok Kurt-Rune gruppa med på ei reise gjennom utfordringane til det nordiske rettsapperatet og demokratiet - og viste korleis kjønn kan være eit inntak til å diskutere og forstå desse utfordringane.

Elevane fekk presentert eit kasus: debatten omkring skiftet av juridisk kjønn og tvangssterilisering som gjekk i Sverige i 2012. Sidan skifte av juridisk kjønn vart lovleg i Sverige på 70-talet, har dei som ynskjer å skifte juridisk kjønn blitt tvunge til å gjennomgå ei irreversibel sterilisering. Praksisen med tvangssterilisering i Sverige stammer frå tida då eugenikken - ynskje om genetisk å forbetre folkesetnaden - stod sterkt i norden. Opphevinga av forbodet hadde lenge blitt debattert i det svenske folketinget, men motviljen hjå visse politiske partier gjorde det vanskeleg å oppnå konsensus om ei endring av lova. Til slutt tok aktivistar for avskaffinga av lova saka til rettsapperatet.

Med Kurt-Rune som dommar, og to av dei tilsette ved SKOK som advokatar, fekk elevane bryne seg som jury i saka. Utstyrt med somme grunnomgrep, som kjønnsidentitet, biologisk og sosialt kjønn, minoritet/majoritet, og legitimitet, diskuterte gruppa kva haldningar og forståingar omkring kjønn som låg til grunn for dei ulike argumenta for og imot tvangssterilisering. Gruppa drøfta også dommarane og politikarane si rolle i eit demokratisk system, og behovet for å værene om menneskerettane til minoritetane i samfunnet.

Studievegleiar Idunn Tandstad var også tilstade for å svare på praktiske spørsmål omkring bachelorprogrammet i kjønnsstudier. Ho løfta fram det tverrfaglege fokuset til studieprogrammet, som opnar for mogelegheita til å spesialisere seg i 8 ulike disipliner. Du kan lese meir om studia ved SKOK på våre nettsider, under fana for utdanning.