Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Forskarportrett

Samfunnsgeografiske tilnærmingar til tid

Doktorgradsstipendiat Kari Anne Drangsland er siste tilskot av forskarar ved SKOK. Kari Anne er med i Prosjekt WAIT, og startar snart med datainnsamlinga til forskningsprosjektet sitt. Bli betre kjend med Kari Anne og hennas prosjekt her.

Hovedinnhold

Kari Anne fullførte mastergrada si i Samfunnsgeografi ved UiB i 2007. I åra som følgde jobba ho først som forskar ved Samfunns- og næringslivsforskning ved Handelshøgskulen i Bergen, før ho var med på å starte opp Senter for byøkologi - eit senter med eit ambisiøst mål om å arbeide tverrfagleg med utreiingar, forskning, kunst og arkitektur for å bidra til miljøvennleg og sosial byutvikling. Her arbeidde Kari Anne mellom anna med problemstillingar knytta til bærekraftig utvikling og migrasjon. Interessa for migrasjon og urban planlegging var avgjerande då Kari Anne søkte seg til WAIT-prosjektet ved SKOK.

Prosjektet til Kari Anne er i oppstartsfasen, og vil fokusere på irregulære migrantar i Tyskland, og då først og fremst Hamburg, sjølv om ho no er i ferd med å planlegge eit kort pilotprosjekt i Walldorf, nær Heidelberg i Sør-Tyskland. Ho skal der gjere feltarbeid på eit senter som fungerer som møtehus og treffpunkt for irregulære migranter. I tillegg til det generelle fokuset til WAIT prosjektet på korleis tid blir erfart av migrantar, ynskjer Kari Anne å sjå nærare på det ho kaller "geopolitiske" oppfatningar av tid - slik som forestillingar om framtida, risiko, eller demografi - og korleis desse påverkar utforminga av lovverk og politikk. Gjennom utforskinga av desse to dimensjonane ved tid - ein erfaringsdimensjon og ein geopolitisk - håper ho at bidraget hennar til WAIt prosjektet vil bidra til ny kunnskap om samspelet mellom tid og migrasjon.

Kari Anne har ikkje bakgrunn frå kjønnsforskningsfeltet, men understreker kor viktig feministisk kritikk har vært i utviklinga av samfunnsgeografien. Som mange av forskarane ved SKOK, er ikkje kjønn hovudtemaet for forskninga, men heller ein gjennomgåande analytisk kategori som kan opne for å forstå korleis til dømes erfaringa av tid kan være differensiert, eller korleis tidsforståinga kan være kjønna. Eit døme på dette er forestillingar om "den sårbare kroppen". Slike kjønna forståingar av tid kan ofte produsere svært konkrete og handfaste utfall, til dømes i utforminga av politikk. Nett difor er det viktig å forske på dette no, argumenterar Kari Anne. Politiske problemstillingar knytta til migrasjon har vært svært aktuelle i tida etter flyktningekrisa. Flyktningar må i større grad vente lenge før dei får statusen sin avklart, og det er også fleire som venter. Difor er det viktig å forstå tidsdimensjonen ved irregulær migrasjon. Samstundes opnar auka i migrasjon for ei utforsking av velferdsstaten og ei ny forståing av oss sjølv. Slik kan forsknig på migrasjon bli ein mogelegheit for ei fagleg teoriutvikling av tid, og for ei auka forståing av oss sjølv og vårt eige samfunn.

Kari Anne seier at møtet med den tværrfaglege kjønnsforskninga her på SKOK har vært svært inspirerande, og trekk fram det gode miljøet og den genuine interessa blant dei tilsette ved SKOK. Ho liker at ho gjennom tilknytninga til SKOK kan fordjupe seg i sitt eige fagfelt, samstundes som kjønnsperspektivet er med på å opne opp for nye måter å tilnærme seg samfunnsgeografiske problemstillingar på. 

Du kan lese meir om WAIT-proskjektet på prosjektet sine eigne nettsider.