Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Forskning

Skilsmisse i Noreg gjennom tida

Historikar og førsteamanuensis ved SKOK, Hanne Marie Johansen, har forska på den historiske utviklinga av norsk skilsmissepolitikk, og nylig publisert ein artikkel som undersøker endringane i norsk skilsmissepolitikk på slutten av 1700-talet og på 1800-talet som følge av brotet med unionen med Danmark.

Hovedinnhold

Johansen har sett på korleis spreiinga av ideala frå opplysningstida i Europa førte til at lovverket som regulerte skilsmisser i Danmark-Noreg vart liberalisert på 1790-talet. I Noreg sitt høve vart oppmjukninga derimot midlertidig: då Noreg fekk si eiga grunnlov i 1814 vart lovverket stramma inn att, og norske kvinner hadde avgrensa rett til skilsmisse gjennom heile resten av 1800-talet, fram til ei ny liberalisering på 1890-talet, og ei ny norsk skilsmisselov i 1909. Skilsmisseratene i Noreg og vesten held seg likevel stabile i fleire tiår til, og byrja fyrst å auke på 1970-talet.

Johansen forklarer dei låge skilsmisseratene utover 1900-talet med at mange kvinner var avhengige av ektemannen si inntekt, samt frykta for det sosiale stigmaet knytta til det å være ei skild kvinne. Andre faktorar som truleg også var med på å halde skilsmisseratene nede var manglande kulturell erfaring med skilsmisser, og manglande tillit til det juridiske apperatet blant kvinner.

Sjølv om noverande vestlege praksisar med skilsmisse ofte blir knytta til endringane i utdanning, kvinnene sitt inntog i arbeidsmarknaden, og den seksuelle revolusjonen i etterkrigstida, understreker Johansen kor viktig opplysningstida sine ideal, samt dei sosiale og kulturelle reformrørslene på 1800-talet, var for liberaliseringa av lovverket som regulerte skilsmisser i landet. Ho trekk fram den protestantiske reformen, og den norske skilsmissereformen frå 1909 som sentrale hendingar i den skandinaviske skilsmisserevolusjonen.

Johansen si forskning blir snart publisert i ei spesialutgåve til det vitskapelege tidsskriftet Scandinavian Journal of History, som tek opp historien til skilsmisse i dei nordiske landa. Du kan allereie lese publikasjonen her.