Hjem
Senter for kvinne- og kjønnsforskning
Konferanse

Forskarar samlast om Black Venus

To hundre år gamle førestellingar om kjønn og rase kan framleis lære oss noko om likeverd og demokrati, seier førsteamanuensis ved Senter for kvinne- og kjønnsstudiar, Kari Jegerstedt.

Foto frå den franske filmen om Sarah Baartman, 'Venus Noire' (2010), regissert av Abdellatif Kechiche.
Foto/ill.:
MK2

Hovedinnhold

– Idéen om den svarte Venus slik vi kjenner ho i dag er i fyrste rekkje ein 1800-talskonstruksjon. Førestellinga om denne seksualiserte kvinnefiguren som blir sett som eksotisk og tiltrekkjande og på same tid dyrisk og primitiv har rot i ei rekkje samanfallande teoriar, fortel Jegerstedt.

Dette er ei tid prega av kolonialisme og imperialisme, men også ei tid der framveksten av naturvitskapane står sentralt. I den vestlege verda dannar ein seg visse forståingar av menneske og rase, i vitskapen har evolusjonsteorien slått ned med stor kraft og ein prøver å kartleggje mennesket si utvikling.  Desse forståingane er også nært knytt til ulike forståingar av kjønn.

Objekt for naturvitskapen
Ei av dei mest kjente kvinnene som vart tillagd rolla som Black Venus, er Sarah Baartman frå Sør-Afrika. Ho vart teken med til Europa i  1810, vist fram på utstillingar og undersøkt av vitskapsmenn. Etter at ho døydde i Paris i 1815 vart ho undersøkt og dissekert, og leivningane hennar vart stilt ut på museum. Utstillinga vart ikkje teken bort før på 1970-talet. I 2002 vart Sarah Baartman send tilbake til Sør-Afrika etter år med press frå ulike organisasjonar, og ho vart endeleg gravlagd.

– Den franske vitskapsmannen George Cuvier som undersøkte Baartman både medan ho levde og etter at ho var død, var ein av dei som samla på arter og delte dei inn i system. Han kategoriserte henne som noko midt mellom menneske og dyr, seinare understreka Charles Darwin oppfatninga av henne som ein komisk figur med monstruøs seksualitet, seier Kari Jegerstedt.

– Idéen om hottentotvenusen levde vidare innan både naturvitskapen og i kunsten. Me finn mange skildringar av henne innan litteratur og kunst. Ho opptrer i fleire samanhengar, og representerer både ei viss type kvinne og ein viss type seksualitet.

Det fins også mange andre svarte venusar, både historiske og fiktive. Ei anna svært kjend Black Venus er Jeanne Duval, elskerinna til Charles Baudelaire, som både inspirerte hans Fleurs du Mal og fekk ein eigen diktsyklus, Black Venus, tileigna seg.

Ny interesse vaknar
I seinare tid har den svarte venusen fått ein renessanse innan akademia, men då med eit anna perspektiv. Både naturvitskapen si sjølvkritikk, frigjeringsrørsler i USA, Karibia og Sør-Afrika og feministrørsler har spelt sentrale roller i denne prosessen. Utover 1980-talet ser ein at mange kvinnelege kunstnarar, både svarte og andre, tar utgangspunkt i figuren, og søker å gi henne den stemma som ikkje vart høyrt tidlegare.

Denne renessansen kan til ei viss grad sjåast som ei repropriering av figuren, meiner Kari Jegerstedt. Der ho før var symbol på noko lågareståande både i kraft av kjønn og rase, blir det i dag knytt ein annan førestellingskraft og symbolikk til henne. I Cape Town er til dømes eit krisesenter for kvinner og barn oppkalla etter Sarah Baartman, og det er også eit sørafrikansk miljøvernfartøy, medan ei svart, kvinneleg teatergruppe i USA kallar seg The Saartjie Project. Den kjende feministiske britiske forfattaren Angela Carter skreiv tidleg ei novelle om Jeanne Duval, kalla Black Venus, der ho blir brukt i ein kritikk av 1800-talets maskuline blikk.

– Men ein må vere varsam for at ikkje desse kvinnene skal forsvinne i symbolbruken. For korleis kan ein gi stemme til Black Venus utan å gjere vold på figuren i seg sjølv? Vi veit jo trass alt ingenting om kva dei faktisk tenkte, seier førsteamanuensisen.

Demokrati og likskap
Då arrangørane etterlyste papers til konferansen, vart dei overraska over responsen. Dei fekk inn langt fleire bidrag enn dei trudde, og Jegerstedt fortel at det har vore vanskeleg å velje ut deltakarar. Ho trur engasjementet har fleire årsaker, men det viktigaste er at det har relevans for oss i dag også.

– Historiene knytt til dette er så opplagt rasistiske! Dei viser korleis ei viss type ordning av samfunnet bygger på kategorisering av menneske. På same tid er det lett å finne døme på korleis dei same førestellingane også sirkulerer i vår tid, både i populærkulturen, i media og i vår oppfatning av eigen nasjonal identitet. I dag er jo demokrati og likskap sentrale omgrep. Men det er viktig å halde medvitet oppe kring desse omgrepa, både å diskutere kven demokratiet er for og kven vi inkluderer i likskapstanken, men også kva for mekanismar den moderne demokratitenkinga bygger på og korvidt me må tenkje heile omgrepet på nytt, meiner Kari Jegerstedt.

Konferansen har tjue deltakarar frå både Europa og USA. Programmet er svært mangfaldig, og spenner over fagfelt som kjønnsstudiar, kunsthistorie, litteratur, film og media, historie- og kulturstudiar, antropologi og meir. Konferansen er open for alle interesserte, les meir om programmet her.