Litteraturvitskap, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Nokre av dei sentrale spørsmåla i studiet er:
- Kva er litteratur, og kvifor forandrar han seg?
- Kvifor er så få litterære meisterverk skrivne av kvinner?
- Kva las ein før romanen oppstod?
Her vil du lære å reflektere over dei store spørsmåla som har blitt stilt til diktekunsten opp gjennom tidene. Spørsmåla, og svara som blir gitt, har endra seg heile vegen frå antikken og fram til i dag.
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i litteraturvitskap er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, vil ei typisk veke innehalde:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Kollokviegrupper
Undervisninga og pensumlitteraturen er på både norsk og engelsk. I tillegg anbefaler vi at du som kan lese skjønnlitterære verk på originalspråk som ikkje er norsk eller engelsk, gjer det.
Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Du vil bruke 4 til 16 timar i veka avhengig av kva nivå du er på. I starten får du tilbod om å delta i organiserte kollokviegrupper og nesten daglege forelesingar. Etter kvart blir det meir tid til sjølvstudium.
Hos oss blir du del av eit godt studiemiljø. Litteraturstudentane er kjende for å være engasjerte debattantar. Dei tar med seg studia sine frå forelesingssalen til diskusjonar med forelesar i gangane, medstudentar i kantina og rundt salongborda på studentkaféen Ad fontes, og ikkje minst i forum som Litteraturhuset i Bergen, Bergen offentlege bibliotek og debattsider i landets aviser.
Hos oss får du spesialisere deg i det du er aller mest interessert i, og får god oppfølging av engasjerte faglærarar.
Mange bachelorstudentar ved litteraturvitskap tar PRAKTINF - Praktisk informasjonsarbeid som del av dei frie studiepoenga i graden. I dette emnet blir du kjend med mange ulike kulturformidlande arbeidsplassar som kan vere aktuelle etter du har fullført ein bachelorgrad i litteraturvitskap.
Vi held til på Sydneshaugen skole, der det er eigne lesesalar for bachelorstudentar. Du kan òg sitje på biblioteka i Bergen. Dessutan er det mogleg å bestille kollokvierom kor du kan ha meir organiserte faglege diskusjonar med medstudentar.
Meir om studiekvardagen ved HF
Jobb
Dei som utdannar seg innanfor litteraturvitskap får eit godt grunnlag for å kunne handsame store mengder tekst og trekke ut dei viktigaste aspekta ved tekstane, uavhengig av sjanger. Denne utdanninga er attraktiv for arbeidsgivarar som treng folk som kan skrive strukturert, redigere andre sine tekstar og ikkje minst kunne formidle god litteratur og kvifor noko er god litteratur.
Med ein bachelorgrad i litteraturvitskap kan det være aktuelt å jobbe:
- i bok- og forlagsbransjen, som til dømes daglege leiarar, konsulentar og redaktørar på ulike nivå
- i offentleg forvalting, som til dømes sakshandsamar eller konsulent
- som språk og tekstkonsulent
- som sals- og marknadskonsulent
- i mediebransjen som til dømes skribentar og kritikarar
- i bibliotek
- som informasjonsmedarbeidar
- med undervisning
Du kan søka opptak til masterprogram i allmenn litteraturvitskap ved UiB, om du ønsker vidare studiar hos oss. Slik kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Nokon går òg vidare med andre studium eller sysler for å verte forfattarar, noko som studium innan allmenn litteraturvitskap kan vere eit godt utgangspunkt for.
Meir informasjon under
Kva lærer eg?
Du lærer meir om litterær analyse, tolking, litteraturhistorie og litteraturteori. Her studerer vi både klassiske verk og moderne forfattarar. Du får ein kritisk lesekompetanse, som i dag kanskje er meir verd enn nokon gong.
Du les mykje sterk litteratur frå heile den vestlege tradisjonen, og lærer å få eit analytisk og kritisk blikk på denne. Dermed fremjar du også dine allmenne leseferdigheitar i høve til alle typar tekst.
Med fullført bachelorgrad i litteraturvitskap kjenner du til ulike funksjonar og roller som litteraturen har hatt i samfunnet, og kan reflektere over og arbeide sjølvstendig med litteraturvitskaplege problemstillingar. Du kan òg arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet munnleg og skriftleg.
Sjå heile lista over læringsutbyte
Oppbygging
Bachelorprogrammet i litteraturvitskap er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Tilrådd rekkefølge for emne i studiet:
1. semester (haust)
- ALLV100 Innføringsemne i litteraturvitskap (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum: Seminarmodell eller eksamensmodell (10 studiepoeng)
- Examen facultatum: EXFAC00SK Språkkunnskap eller EXFAC00AS Akademisk skriving (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
- ALLV111 Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 studiepoeng)
- ALLV112 Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysingstida/romantikken (15 studiepoeng)
3. semester (haust)
- ALLV113 Moderne litteratur og poetikk frå opplysingstida/romantikken til i dag (15 studiepoeng)
- ALLV114 Moderne litteraturteori (15 studiepoeng)
4.-5. semester (vår og haust)
- Delstudium i utlandet og/eller andre valfrie emne (60 sp.)
6. semester (vår)
- Obligatoriske spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 sp.)
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren vår kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Her kan du sjå den detaljerte studieplanen for programmet.
Utveksling
Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet eitt eller to semester. Du kan reise til nesten heile verda, sidan UiB har ein rik portefølje med utvekslingsavtalar. Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og ønskjer.
Det kan vere nyttig å reise ut for å lære seg eit framandspråk betre dersom ein ønsker å lese verk på originalspråk som ikkje er norsk. For deg som tar litteraturvitskap kan det til dømes vere interessant å reise til Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Danmark, Sverige, USA, Italia eller Sør-Afrika.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.