Kunsthistorie, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart på bachelorprogrammet i kunsthistorie ved Det humanistiske fakultet.
Frammøte: Studiestart er måndag 14.august kl 08.30. Her finn du oppmøtestad
Ta med: Ta gjerne med matpakke, og noko å drikke.
Program: Program for velkomstveka ved Det humanistiske fakultet
Bli klar som student: Alt du treng å vite til studiestart og program for velkomstveka finn du i «UiBtreet». I slutten av juli får du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang.
Har du spørsmål? Ta kontakt med informasjonssenteret på 55 58 93 70 eller studieveileder@hf.uib.no.

På bachelorprogrammet i kunsthistorie undersøker vi kunstverk og kunsthistoriske problemstillingar gjennom historiske, analytiske, kritiske og teoretiske tilnærmingar. Vi utforskar eit bredt utval av det visuelle kunst- og kulturfeltet, frå forhistorisk grottemaleri til samtidskunst i eit globalt perspektiv.
Bachelorprogrammet i kunsthistorie passar for deg som er interessert i kunst og visuelle uttrykk, både når det gjeld form, farge og estetiske uttrykksformer. Kva tyder desse uttrykka? Dei som likar historie, eller er opptatt av design, kulturminnevern, museum og er glad i å skrive vil òg kjenne seg heime hos oss.
Gjennom studiet lærer du om visuell kultur, kunst og arkitektur i eit historisk, sosialt, retorisk og estetisk perspektiv. Vi utforskar ulike former for visuelle medium, som måleri, skulptur, fotografi, arkitektur og landskap. Tyngdepunktet er den visuelle kulturen i Europa frå antikken til i dag.
Kunsthistoriefaget stiller spørsmål som:
- Kva rolle har bilete i religion, og på kva grunnlag har ein villa forby dei?
- Er pressefotografiet ei spegling av røynda eller ein konstruksjon?
- Når blir noko kunst: er ikonet i kyrkja kunst, eller blir det kunst først når det heng i galleriet, og kva kan eit urinal seie oss når det blir kunst?
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke innehalde:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Praktiske øvingar
- Ekskursjonar, museumsbesøk eller byvandringar
Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Det er åtte timar fast undervisning per veke.
På dette studiet er vi opptatt av å sjå opp frå bøkene, så på dei fleste kursa går vi på museum, kunstutstillingar og på byvandring for å utforske faget. Dei husfasadane du er van med å sjå i sideblikket kan få ny meining, i møte med samtidskunsten kan du få ny innsikt og reflektere kritisk kring aktuelle problemstillingar.
Dersom du vel emnet KUN256 Områdestudium får du reise på ekskursjon til europeiske storbyar for å oppleve kunst og arkitektur på staden. Dette kan du ta i fjerde semester eller seinare, og du får støtte frå instituttet til å reise.
Vi har mange aktive studentar, og det blir arrangert sosiale samankomstar som filmkveldar, estetisk lesegruppe og mykje anna. Følg Fagutvalg for Kunsthistorie ved UiB på Facebook, for tips om blant anna arrangement og litteratur.
Vi held til på HF-bygget i Bergen sentrum. Lesesalane er like ved, på Sydneshaugen skole og Universitetsbiblioteket. Det er mogleg å booke eigne rom om de ønskjer å jobbe i grupper.
Jobb
Som kunsthistorikar har du viktige oppgåver i samfunnet: Du skal ta vare på fortida, vere med på å planlegge framtida og vere ein sentral aktør i utforminga av samtida.
Kunnskap om kunstens historie, om visuell kultur og arkitekturhistorie er etterspurd i museum, etatar som arbeider med bevaring og vern av historiske bygningar og kulturmiljø, eller med byutvikling.
Turistnæringa treng og folk med kunst- og kulturkunnskap, så vel som evne til god språkleg og munnleg formidling. Vi lever i ei visuell tid, og det å kunne sjå kritisk på og reflektere over visuelle medium i historisk perspektiv er nyttig både dersom ein driv med marknadsføring og reklame, undervisning, eller kulturforvaltning.
Med ein bachelorgrad i kunsthistorie er dette aktuelle bransjar:
- museum
- galleri
- kulturadministrasjonen i kommunen
- journalistikk
- kommunikasjonsarbeid
Kunnskap om visuell kommunikasjon og kunsthistorie er òg viktig i kombinasjon med andre fag dersom du vil arbeide i skolen.
UiB tilbyr masterprogram i kunsthistorie, om du ønsker vidare studiar hos oss.
Meir informasjon under
Kva lærer du?
Med ein bachelorgrad i kunsthistorie
- har du brei oversikt over vestleg kunst, arkitektur, visuell kultur og teoriar om det visuelle frå antikken og fram til i dag
- er du i stand til å grunngi praktiske tiltak og teoretisk problemløysing innafor formidling og forvaltning utifrå din eigen kunsthistoriske fagkunnskap
- kan du utveksle eigne synspunkt og erfaringar med dei som har den same faglege plattforma i ei høgare kunsthistorisk utdanning
Sjå heile lista over læringsutbyte
Oppbygging
Bachelorprogrammet i kunsthistorie er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene. Studiet kan sjå slik ut:
1. semester
- Examen philosophicum: Seminarmodell eller eksamensmodell (10 studiepoeng)
- Innføringsemne: anten EXFAC00AS Akademisk skriving eller EXFAC00SK Språkkunnskap (10 studiepoeng)
- DKT100 - Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 studiepoeng)
2. semester (vår):
- KUN105 - Kunst og kultur i antikken, Bysants og tidleg mellomalder
- KUN106 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1750-1950
3. semester (haust):
- KUN107 - Kunst og kultur i mellomalder, renessanse og barokk
- KUN108 - Kunst, arkitektur og visuell kultur 1950-i dag
4.-5. semester (vår og haust)
- Delstudium i utlandet og/eller andre valfrie emne (60 sp.)
6. semester (vår)
- Obligatoriske spesialiseringsemne på 200-nivå med bacheloroppgåve (30 sp.)
Du kan òg velje ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Utveksling
Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet eitt eller to semester.
Du kan reise til nesten heile verda, sidan UiB har ein rik portefølje med utvekslingsavtalar. Vanlegast er å reise til Frankrike, Italia eller Danmark eller andre europeiske land.
Studierettleiar kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og ønskjer.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.