Musikkvitskap, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- Ordinær48,1
- Primær35
- Plassar12
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
Hovedinnhold
Velkommen til studiestart for nye studentar på bachelorprogrammet i musikkvitskap eit studium ved Fakultet for kunst, musikk og design.
Her finn du den viktigaste informasjonen om studiestarten din.
Frammøte: Studiestart er måndag 14. august. Det er obligatorisk frammøte denne datoen for å behalde studieplassen.
Program: Her finn du programmet for studiestarten.
Bli klar som student: Alt du treng å vite til studiestart og program for velkomstveka finn du i «UiBtreet». I slutten av juli får du ein e-post med lenke og informasjon om korleis du får tilgang. Før det kan du også bruke denne sjekklista for å bli klar til studia.
Har du spørsmål? Ta kontakt med oss på studieveileder.kmd@uib.no. Ver venleg og skriv navn på studieprogram i emnefeltet.
Vi ser fram til ei spanande og utviklande tid saman med dykk.
Musikk vert nytta i alle slags sosiale situasjonar, som til dømes borneleik, ritual som bryllaup og gravferd, dans, underhaldning og kunst. Musikk er overalt og kan vera sterkt identitetsskapande.
I musikkvitskapen spør vi:
- Korleis nyttast musikk til å skape identitet i ei stadig meir globalisert verd?
- Kva er samanhengen mellom musikalsk kreativitet og teknologi?
- Korleis oppstår musikalsk meining?
Det som særmerker musikkvitskap som fag ved Universitetet i Bergen er stor historisk, geografisk og tematisk spennvidde. Vi forskar på og underviser i tema som den vestlege kunstmusikken, populærmusikk, norsk tradisjonsmusikk og andre globale tradisjonar.
Eit hovudspørsmål i faget er å undersøke korleis musikalske hendingar skjer. Det vil seia at prosessane og aktivitetane musikkhandlingane utgjer er viktigare enn formell analyse av musikkverk.
Faget passar for deg som er oppteken av musikk som kulturelt og sosialt fenomen. Faglege innsikter frå samfunnsfag, historie, kunsthistorie, mediefag og språkfag kan vera til stor nytte innan musikkvitskapen.
Meir informasjon under
Marthe Serck-Hanssen, Bachelorprogram i musikkvitenskap -UiB
Studiekvardagen
Som student ved Griegakademiet møter du eit fagpersonale som er internasjonalt aktive forskarar og utøvarar. Her arbeider vi med utvikling av kunst og vitskap side om side, samstundes som vi søker å skape møteplassar mellom desse forskjellige tradisjonane.
Studiet består av:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Praktiske øvingar
- Bacheloroppgåve
- Sjølvstudium
I løpet av ei typisk veke vil du bruke om lag 15 timar på undervisning og fellesaktivitetar, og om lag halvparten på sjølvstudium.
Studiet kan i stor grad tilpassast dine føresetnader og interesser. Er du sjølv utøvande musikar kan du bruke denne kunnskapen som ein ressurs i oppgåveskriving/forsking. Har du i mindre grad røynsler frå utøving av musikk kan du velje eit meir observerande perspektiv. Dette blir ofte gjort ved undersøking av ein kultur ein sjølv ikkje er del av, som når kunsthistorikaren undersøker visuelle uttrykk han sjølv ikkje er i stand til å utføre.
Dei fleste emna på studiet er obligatoriske, men du har også 60 frie studiepoeng, som er det same som eitt års studium. Desse studiepoenga kan du fylle med emne innan fagfeltet musikkvitskap, andre aktuelle musikkemne ved Griegakademiet eller andre emne som blir tilbydde ved UiB som språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Du vel også sjølv kva tema skal vere for bacheloroppgåva di, og om du vil reise på utveksling som del av studiet.
Karriere
Som student med Griegakademiet vil du halde til i Nygård skole i Bergen sentrum.
Med ein bachelorgrad i musikkvitskap får du overordna kunnskap om tilhøvet mellom estetiske uttrykk, kultur og samfunn, som går ut over detaljert musikkunnskap.
Yrkesvegane heng saman med kva samansetting du har i studiet ditt. Du kan for eksempel kvalifisere deg til arbeid i kultur- og musikkbransjen, og musikk- og kulturjournalistikk.
Etter bachelorprogrammet er du kvalifisert til å søke opptak på masterprogram innan musikkvitskap eller kulturvitskap. Griegakademiet – Institutt for musikk vil på sikt tilby eit masterprogram i musikkvitskap.
Kva lærer eg?
Ein student med bachelorgrad i musikkvitskap:
- viser grunnleggande kunnskap om musikken sine funksjonar i kulturelt perspektiv og samfunnsperspektiv.
- viser kritisk forståing av musikk i samfunnet, kulturen og historia
- kan kommunisere munnleg og skriftleg omkring musikkfaglege problemstillingar, i fagmiljø og med publikum.
Les meir om læringsutbyte på programmet i studieplanen.
Oppbygging
Vi tilrår denne rekkefølga for studiet:
1. semester (haust)
- EXPHIL-KMSEM Examen philosoficum KMD-variant, seminarmodell (10 studiepoeng)
- EXFAC00AS Examen facultatum Akademisk Skriving (10 studiepoeng)
- MVK100 Innføring i musikkvitskap (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
3. semester (haust)
- MUV280 Populærmusikkstudier (15 studiepoeng)
- MVK102 Å skrive om musikk (5 studiepoeng)
- MUF101 Musikk, kultur og samfunn (går over to semestre)
- MUG117 Musikkhistoruie klassisk, eller MUG118 Musikkhistorie jazz (går over to semestre)
4. semester (vår)
- MUF101 Musikk, kultur og samfunn (fortsetter, 15 studiepoeng)
- MUG117 Musikkhistoruie klassisk, eller MUG118 Musikkhistorie jazz (fortsetter, 15 studiepoeng)
- Frie studiepoeng, valemne (15 studiepoeng)
5. semester (haust)
- Frie studiepoeng, valemne (30 studiepoeng), eller mogleg å dra på utveksling
6. semester (vår)
- MVK250 Bacheloroppgåve i musikkvitskap (15 studiepoeng)
- Frie studiepoeng, valemne (15 studiepoeng)
Du kan og velge ei anna rekkefølge på emna. Studierettleiaren for programmet kan hjelpe deg med å sette opp ein plan. Her kan du sjå den detaljerte studieplanen for programmet.
Utveksling
Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i utlandet på 5. semester i studieløpet. UiB og Griegakademiet har utvekslingsavtalar over heile verda, og du kan velje emne innen musikkvitskap eller ta emne som frie studiepoeng. Du får og finansiering frå Lånekassa.
Studierettleiaren på programmet kan hjelpe med å sette opp ein plan for utveksling som passar din situasjon og ønskjer.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse. Det er ikkje opptaksprøver til musikkvitskap ved Griegakademiet.
Søknadsfristen er 15. april.