Biologi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar99
- OpptakskravREALFA
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Bachelorprogrammet i biologi gir deg ein brei naturfagleg bakgrunn, og du får innsikt i alt frå naturmiljøet sin kjemi og fysikk til matematikk og statistikk, fysiologi, molekylærbiologi, organismebiologi og mangfald, evolusjon og økologi. Du får møte biologi i praksis i omfattande lab- og feltkurs der mikrobar, dyr og planter står i sentrum.
Innanfor biologifaget stiller vi spørsmål som:
- Korleis kan me skaffe nok mat til ei aukande befolkning på ein berekraftig måte?
- Korleis påverkar menneskeleg aktivitet økosystem og biodiversitet?
- Korleis vil klimaendringar påverke matproduksjon og naturressursar?
Biologistudiet passar for alle, så lenge du er nysgjerrig på verda og livet, likar å lære nye ting, og likar ei blanding av teori og praksis. Som student hos oss blir du frå første dag ein aktiv deltakar i det største biologiske fagmiljøet i Noreg. Studiet presenterer heile disiplinen biologi, med aktivitetar som skapar eit fagleg og sosialt fellesskap.
Bergensregionen har sterke marine forskings- og innovasjonsmiljø, og dette speglar seg i undervisninga vår. Institutt for biovitskap er ein del av Senter for framifrå utdanning i biologi, bioCEED.
Dette bør du vite om du vurderer å studere biologi
Meir informasjon under
Biologistudent
Jobb
Forvaltning, næringsliv og helsevesen har behov for solid biologisk kompetanse for å klare overgangen til eit berekraftig og grønt samfunn.
Med ein bachelor i biologi kan du jobbe innan mange yrker og bransjar. Tidlegare studentar finn du blant anna i:
Offentleg sektor, forsking og forvalting:
- Statens naturoppsyn (SNO)
- Norsk institutt for vannforskning (NIVA)
- Havforskningsinstituttet (HI)
- Mattilsynet
- Fiskeridirektoratet
- Miljødirektoratet
- Fylkesmannen
- Bergen kommune
Konsulentfirma:
Havbruks- og sjømatindustrien:
Forsking, undervisning og formidling:
- UiB og andre universitet
- NORCE
- Skuleverket
- Norges fiskerimuseum
Etter bachelorgraden kan du søke deg vidare til masterprogrammet i biologi. Innan masterprogrammet i biologi er det ulike retningar å velje mellom.
Les meir om kva du kan jobbe med
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i biologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. I bachelorprogrammet inngår:
- Innføringsemne (20 studiepoeng): matematikk (MAT101/105) og exphil (EXPHIL-MNSEM/MNEKS).
- Spesialisering i biologi (90 studiepoeng): biologi (BIO100, BIO101, BIO102, BIO103, BIO104), molekylærbiologi (MOL100), kjemi (KJEM109), statistikk (STAT101) og fysikk PHYS101
- Obligatoriske emner (10 studiepoeng): informatikk (INF100)
- Valfrie emne (60 studiepoeng)
Dei fleste av våre studentar vel MAT101 første semester, men dersom du er glad i matematikk og har god karakter i Matematikk R1+R2 anbefaler vi MAT105.
Du finn meir informasjon om emnet, detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste ved å klikke på emnekoden.
Slik er studiet lagt opp:
1. Semester (haust)
- BIO100 Innføring i evolusjon og økologi (10 studiepoeng)
- MOL100 Innføring i molekylærbiologi (10 studiepoeng)
- MAT101 Brukarkurs i matematikk I (10 studiepoeng) eller MAT105 Matematikk for naturvitskap (10 studiepoeng)
2. Semester (vår)
- BIO101 Organismebiologi 1 (10 studiepoeng)
- INF100 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- KJEM109 Kjemi grunnkurs (10 studiepoeng)
3. Semester (haust)
- Feltkurs (BIO102) (måndag til fredag i veke 34 og 35)
- PHYS101 Grunnkurs i mekanikk og varmelære (10 studiepoeng)
- BIO102 Organismebiologi 2 (10 studiepoeng)
- STAT101 Elementær statistikk (10 studiepoeng)
4. Semester (vår)
- BIO103 Cellebiologi og genetikk (10 studiepoeng)
- BIO104 Komparativ fysiologi (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum - enten seminarmodel eller skuleeksamen (10 studiepoeng)
5. Semester (haust)
- Valemne (30 studiepoeng) eller utveksling
6. Semester (vår)
- Valemne (30 studiepoeng) eller utveksling
Studiekvardagen
Biologi er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
Studiet består av:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Laboratorium og praktiske øvingar
- Feltkurs
- Praksis
- Sjølvstudium
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha 15-20 timar undervisning utanom sjølvstudium.
Undervisninga og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieplanen.
Feltarbeid er en del av studiet. Vi reiser til Aurlandsdalen og Espegrend, i totalt to veker i august-september i tredje semester (i emnet BIO102). I dette emnet får studentane også prøve seg på ekte forsking og tidlegare kull har bidratt til ny kunnskap om karbonlagring i naturen i Bergen.
Dersom du vil vere i praksis hos ei bedrift, kan du velje eit eige praksisemne (BIO298). Der kan du få praksis hos Statens naturoppsyn (SNO), Norsk institutt for naturforskning (NINA), Naturvernforbundet, Havforskningsinstituttet og mange fleire. Du deltek i arbeidet i bedrifta og får oppgåver som er relevante for din faglege kompetanse og bedrifta sine behov. Les bloggen til biopraksis.
Det er også mogleg å ha eit forskingsprosjekt (BIO299) eller ta eit emne om feltkursundervisning (BIO297).
Dei to siste semestera på studiet er heilt valfritt. Då kan du reise på utveksling til utlandet, til Universitetssenteret på Svalbard eller ta valfrie emne ved UiB.
Fem grunnar til at biologistudentane trivst
Mentor
Som ny realfagsstudent blir du med i ei gruppe, der du får to mentorar. Mentorane er meir erfarne studentar som studerer det same som deg. Du møter gruppa og mentorane gjennom heile det første året på universitetet.
På mentormøta blir du kjend med medstudentane dine. Du lærer kva det vil seie å studere på eit universitet og om korleis det er å vere student. Møta handlar om studieteknikk, eksamen- og stressmestring og life hacks for studentar. Les meir om mentorordninga ved det matematisk-naturvitenskapelige fakultet!
Meir informasjon under
Mentorordning for førsteårsstudenter
Studiestart
Som ny realfagsstudent blir du tatt imot av mentorane dine. Dei første tre dagane i studiestarten er obligatoriske, og du vil bruke tida på å bli kjend med medstudentane dine.
Kva lærer du
Etter bachelorprogrammet i biologi:
- har du brei forståing av naturfag og biologi frå molekylære til evolusjonære prosessar
- kan du bruke fagets metodar og utstyr til å undersøke fenomen og løyse praktiske og teoretiske problemstillingar
- har du grunnleggande innsikt i verkemåten til organismar, samfunn og økosystem
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det femte og det sjette semesteret.
Australia, Storbritannia, Sverige og Tyskland har tilrådde utvekslingsavtalar, men UiB har også avtalar med fleire universitet i Europa, i Canada, Australia, Oseania, USA og fleire afrikanske land som du kan søke på. Vi tilrår òg å studere arktisk biologi ved Universitetssenteret på Svalbard.
Korleis søke om å reise på utveksling?
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og REALFA:
Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og eitt av følgande krav
- Matematikk R2 eller
- Fysikk 1 og 2 eller
- Kjemi 1 og 2 eller
- Biologi 1 og 2 eller
- Informasjonsteknologi 1 og 2 eller
- Geofag 1 og 2 eller
- Teknologi og forskningslære 1 og 2
Søknadsfristen er 15. april.