Hjem

Kunstig intelligens, bachelor, 3 år

I kunstig intelligens lærer du å programmere og korleis vi kan lage program som oppfører seg intelligent.
  • Lengde3 År
  • Ordinær54,3
  • Primær49,5
  • Plassar30
  • OpptakskravMATRS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kunstig intelligens (KI) blir brukt i alt frå ryggesensorar og bildegjenkjenning til automatisk saksbehandling av lånesøknadar. Teknologien er i kraftig vekst og vil prege utviklinga av samfunnet. 

Som student lærer du kva intelligente maskiner er og korleis dei blir til. Du lærer å bruke datakunnskap og informasjonsvitskap til å få datamaskiner til å automatisk løyse oppgåver som vanlegvis krev menneskeleg intelligens. 

Når teknologien blir brukt på stadig fleire område, må vi stille større krav til etikk og berekraft. Med ein bachelorgrad i kunstig intelligens kan du utvikle kraftige verktøy som bidrar til meir innovasjon og verdiskaping innan alt i frå spillutvikling og investeringsanalysar til meir miljøvennleg byplanlegging og betre offentlege tenester.

I kunstig intelligens er vi interesserte i:

  • Korleis vi kan framvise informasjon og kunnskap slik at ein maskin kan dra nytte av han
  • Korleis maskiner kan lære frå eksempel
  • Korleis vi kan spesifisere eit problem og lage automatiske løysingar
  • Korleis vi kan automatisere avgjerder og interaksjon mellom menneske og maskin 
  • Korleis vi kan sikre at teknologi vert nytta til det beste for enkeltmenneske

Bachelorprogrammet i kunstig intelligens kombinerer emne i matematikk, praktisk datamaskinprogrammering og samfunnsvitskap. I tillegg til forelesingar vil du jobbe individuelt og i grupper med prosjektarbeid. 

Meir informasjon under

Bachelor i kunstig intelligens

Jobb

Dette er det einaste bachelorprogrammet i kunstig intelligens i Noreg. Kunstig intelligens er no i den spede starten på å verte ein del av dagleglivet vårt. Ferdigheiter innan kunstig intelligens er i ferd med å vere avgjerande for utvikling av nesten alle typar programvare - du kan arbeide som programvareutviklar eller produktutviklar for KI-relaterte produkt. 

Bachelorprogrammet førebur deg dessutan for vidare studium. Du kan gå vidare med ein mastergrad i informatikk, informasjonsvitskap eller andre relaterte fag, mot ein karriere innan forsking, undervising eller konsulentverksemd. Forskinga er ikkje avgrensa til informatikk eller informasjonsvitskap. Kunstig intelligens er i aukande grad viktig for å forstå samfunnet rundt oss, og kunnskap og ferdigheiter innan kunstig intelligens er dessutan relevant innan psykologi, digital kultur, kognitiv vitskap og medievitskap, for å nemne nokre område.

Kompetanse innan programmering og kunstig intelligens er etterspurt på tvers av alle sektorar. Kombinasjonen kunstig intelligens kombinert med kurs i matematikk, praktisk datamaskinprogrammering og samfunnsvitskap gir deg en bred kompetanse som er aktuell på tvers av mange sektorar.

Meir informasjon under

Oppbygging

Bachelorgraden i kunstig intelligens er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

På bachelorprogrammet er dei fleste emna (faga) obligatoriske, men graden inneheld også frie studiepoeng og val av spesialisering innan informatikk eller informasjonsvitskap. I det 4. semesteret er det tilrettelagt for å reise på utveksling eller ta frie studiepoeng. Dette gir deg moglegheiter til å forme graden din ut i frå eigne interesser.

Slik er studiet lagt opp: 

1. semester, haust:

  • AIKI100 Innføring i kunstig intelligens (10 stp)
  • INFO132 Innføring i programmering (10 stp)
  • MAT105 Matematikk for naturvitskap (10 stp)

2. semester, vår:

  • AIKI110 Artificial agents (10 stp)
  • INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap (10 stp)
  • MAT121 Lineær algebra (10 stp)

3. semester, haust:

4. semester, vår:

  • Utvekslingssemester / Frie studiepoeng (30 stp)

5. semester, haust:

6. semester, vår:

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Som student på bachelorstudiet i kunstig intelligens blir du del av eit godt og aktivt studentmiljø ved Det samfunnsvitskaplege fakultet (SV-fakultetet). 

Mykje av undervisninga vil gå føre seg på SV-bygget (Lauritz Meltzers hus), i realfagsbygget og Høyteknologisenteret. Studentar i kunstig intelligens har tilgang på lesesalar og datalabar både på SV-fakultetet og MatNat-fakultetet på Nygårdshøgda i Bergen sentrum. 

Fakultetet har også ein studentkafé, Diskuterbar, der du kan ha sosiale eller faglege møter med medstudentane dine over ein kopp kaffi.

Dei er dessutan ein del av eit større studentmiljø på Institutt for informasjons- og medievitskap. Her vert det arrangert festar, quiz og bedriftspresentasjonar gjennom studentanes eiget fagutval.

I eit typisk semester tek du tre emne. Kvart emne har vanlegvis ei forelesing på 2 gonger 45 minutt i veka, og lab eller seminar i små grupper 2 gonger 45 minutt kvar veke. Nokre forelesingar er i små grupper, medan andre kan ha fleire deltakarar. På lab gjer du praktisk programmering på datamaskin med hjelp frå ein lab-assistent. På seminar løyser du oppgåver ved bruk av teoretiske verktøy.

Gjennom semesteret vil du gjere både uavhengig og individuelt arbeid, og arbeid saman med andre i grupper, med tildelte oppgåver. Du vil få tilbod om omfattande støtte frå forelesarar, seminarleiarar og lab-assistentar, men du må også ta mykje ansvar for å lære sjølv og for å planleggje tida di.

Det er tre hovudtema i forelesingane: kunstig intelligens, matematikk og algoritmar. Kvart semester har minst eitt emne i kunstig intelligens. I starten av programmet er det fleire emne i matematikk og algoritmar. Dette er eit viktig grunnlag for forståinga av emna om kunstig intelligens som kjem seinare i studiet.

Studieplanen gir deg mange emne å velje i, spesielt i den siste delen av programmet. Du vil få god hjelp og råd til å velje.

Bachelorprogrammet inkluderer også arbeid med ei bacheloroppgåve. Dette er eit sjølvstendig prosjekt der du kan arbeide med dei personlege interessene dine innanfor KI, og nytte kunnskapen du har fått gjennom programmet. Bacheloroppgåva vil også hjelpe deg til å trene opp evnene dine til sjølvstendig læring og tidsplanlegging, og oppgåva vil førebu deg på arbeidslivet etter studiane.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Meir informasjon under

Studenter samarbeider på Diskuterbar
Foto/ill.:
Eivind Senneset

Kva lærer du

Etter at du har fullført studiet vil du

  • forstå korleis ein programmerer og eksperimenterer med kunstig intelligens-system ved hjelp av metodar frå maskinlæring, symbolsk resonnering og algoritme-analyse.
  • forstå korleis tekniske kunstig intelligens-løysingar kan ha etisk relevans for samfunn og individ.
  • kunne programmere nye kunstig intelligens-system og eksperimentere med eksisterande system.
  • kunne analysere, beskrive og løyse problem ved å nytte kunstig intelligens-metodar

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

I det 4. semesteret tilrår vi deg å reise på utveksling. Dersom du ikkje vel å reise ut, kan du ta frie studiepoeng ved UiB som ikkje overlappar med dei obligatoriske emna i programmet.

Sjå alle UiB sine avtalar

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATRS (R1 eller S1+S2)

Søk her