Hjem

Utdanning

Studieretning

Miljøtoksikologi

  • Lengde2 år
  • SpråkNorsk/Engelsk
  • StudiestartHaust/Vår
  • Studiepoeng120

Introduksjon

Mål og innhald

Miljøtoksikologi er studiet av miljøgifter sin verknad på ulike organismar. Miljøtoksikologi er eit tverrfagleg forskingsfelt som krev brei kunnskap i matematikk, kjemi, biologi og molekylærbiologi. Kunnskap i kjemi er viktig for å forstå korleis stoffa sine kjemiske eigenskapar påverkar spreiing, fordeling og opptak i organismar. Kunnskap i biologi er viktig for å forstå korleis ulike organismar sin fysiologi og levesett avgjer eksponeringsgrad og sårbarheit, og korleis effektar på ulike artar kan påverke forplanting og vekst, ja til og med heile økosystem. Den molekylærbiologiske kunnskapen er viktig for å få innsikt i dei mekanismane som avgjer verkemåten til stoffa og effekten på fundamentale livsprosessar som reproduksjon, metabolisme og vekst. Cellebiologiske og molekylærbiologiske metodar er sentrale i denne forskinga, saman med bioinformatiske analyser av endringar i transkriptom og proteom hos studieorganismane. Forskinga spenner frå studier av hormonforstyrrande stoff si evne til å aktivisere kjernereseptorer i cellekulturar, til undersøkjingar av spreiing av miljøgifter og biologiske effektar i felt- og dyreforsøk. Aktuelle modellsystem er Oikopleura, torsk, stingsild, sebrafisk, laks, sel, isbjørn, mus og menneske.

Målsettinga med studiet er å gje studentane brei innsikt i faget miljøtoksikologi og forskinga på feltet, og ei god forståing for aktuelle problemstillingar innan faget og faget si rolle i samfunnet. Mastergraden skal gjere studenten skikka til å gå inn i eit breitt utval stillingar der kunnskap om miljøgifter og miljøtoksikologi er relevant.

Du kan finne meir informasjon om BIO si forsking innan miljøtoksikologi og mulige masteroppgåver på nettsidene til forskingsgruppa Miljøtoksikologi: http://www.uib.no/fg/toks

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Etter gjennomgått program har kandidaten:

 

Kunnskapar

  • Forstå faget i samfunnet
  • Forstå den biologiske basisen for faget miljøtoksikologi
  • Ha kunnskap om miljøgifter og deira evne til å forårsake biologiske effektar i organismen og miljøet

Ferdigheiter

  • Kandidaten skal ha godt vitskapleg funderte ferdigheiter i miljøtoksikologi
  • Kjenne dei vitskaplege arbeidsmåtane og beherske relevante analystiske metodar
  • Kunne gjennomføre eit vitskapleg prosjekt, i samsvar med vitskapleg metode og gjeldande praksis
  • Kunne tolke, diskutere og formidle forskingsresultat og metodar i eige prosjekt
  • Bruke vitskapleg arbeidsmetodikk og nytte moderne metodar.
  • Kunne hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innan fagområdet
  • Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og nytte dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa

Generell kompetanse

  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team med omfattande og krevjande faglege oppgåver
  • Presentere, munnleg og skriftleg, vitskaplege resultat basert på analyser, sett i samanheng med eksisterande forskingsresultat også til ikkje-spesialister
  • Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten
  • Kunne analysere generelle biologiske vitskaplege problemstillingar og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • Kunne arbeide i tråd med vitskaplege prinsipp og ha forståing og respekt for openheit, presisjon, etterrettelighet og betydninga av å skille mellom kunnskap og meiningar.

Utveksling

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Korleis søke

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak)

Opptakskrav

Bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, kjemi eller tilsvarende utdanning. Tilsvarende utdanning kan f.eks. være treårig relevant ingeniørutdanning eller bioingeniørutdanning.

Gjennomsnittskarakteren på spesialiseringen i bachelorstudiet eller tilsvarende, må være C eller bedre. Dersom det er flere søkere til et program enn det er plasser, vil søkerne bli rangert etter karakterene i opptaksgrunnlaget.

Miljøtoksikologi

Foto:
Ill: Marianne Brattås
Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?

Mer informasjon

Om programmet

Les heile studieplanen