Hjem
Utdanning

Namn på grad

Masterprogram i Spesialpedagogikk

Omfang og studiepoeng

Studie har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til to års fulltidsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål:

Masterprogrammet i spesialpedagogikk skal formidle teoretisk og praktisk forståing for spesialpedagogisk verksemd, både gjennom fordjuping i spesialpedagogiske emne og praksis i støttetenester. Målet med studiet er å gi eit fagleg fundament for korleis arbeide system- og individorientert med tenester for barn og unge med ulike føresetnader for læring og utvikling. Masterprogrammet rettar fokus på korleis ein kan avdekke læringsutfordringar som barn og unge kan møte på ulike arenaer, samt korleis iverksette relevante tiltak på individ- og systemnivå. Studiet vil særleg formidle forståing for og innsikt i inkluderande og systemorienterte prosessar som kan støtte barn og unge si læring og utvikling. Programmet rettar fokus på korleis ein kan synleggjere, forstå og utfordre ekskludering og marginalisering i barnehage, skule og samfunn. Samla sett er målet at studentane gjennom masterprogrammet skal tileigne seg ei forståing for og erfaring med ulike spesialpedagogiske problemstillingar. Denne forståinga skal gjenspegla seg i eit sjølvstendig arbeid med masteroppgåva.

Innhald:

Gjennom programmet skal studentane tileigne seg teoretisk, metodisk og praktisk kunnskap og kompetanse for å kunne identifisere, analysere og kritisk reflektere over spesialpedagogiske problemstillingar. Studentane skal førebu og gjennomføre arbeidsoppgåver samt vidareutvikle problemstillingar innanfor oppvekst- og utdanningssektoren. Studentane skal utvikle kompetanse i kartlegging på individ- og systemnivå. Dei skal vidare få kunnskap om og kompetanse i korleis utarbeide, gjennomføre og evaluere ulike tiltak som tek omsyn til individet i fellesskapet. Dei skal kvalifiserast og bli funne skikka til å møte og utøve arbeidsoppgåver i tråd med profesjonsetiske retningslinjer, lovverk og andre styringsdokument som regulerer oppvekst, opplæring og helse. Studentane skal tileigne seg kunnskap om vitskapsteori og metode, samt fordjupe seg i et valt fagområde, slik at dei kan gjennomføre eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i samsvar med gjeldande forskingsetiske normer.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten..

har inngåande kunnskap om systemteori og spesialpedagogisk grunnlagstenking og kan reflektere over korleis slik kunnskap kan vere tenleg i møte med barn og unge som har ulike behov og føresetnader

har inngåande kunnskap om ulike kartleggingstilnærmingar og kan kritisk vurdere det teoretiske og metodologiske grunnlaget dei er tufta på

har inngåande kunnskap om korleis ein kan identifisera konsekvensar ulike funksjonsnedsettingar og læringsutfordringar hjå barn og unge kan få i ein utdanningskontekst samt korleis ein kan arbeide med førebygging på individ-, gruppe- og samfunnsnivå

har inngåande kunnskap om gjeldande lovverk og profesjonsetiske retningslinjer og kan reflektere over korleis desse kan verke inn på utøvinga av spesialpedagogiske arbeidsoppgåver på system- og individnivå.

har avansert kunnskap om metodiske design, og kan identifisere ulike forskingsetiske problemstillingar og prosedyrar innanfor det spesialpedagogiske fagfeltet


Ferdigheiter

Kandidaten..

kan analysere og stille seg kritisk til eksisterande teoriar, metodar og fortolkingar innanfor det spesialpedagogiske fagområdet og anvende desse som grunnlag for analyse og diskusjon av dei utfordringar som individ og/eller system kan stå i

kan på ein sjølvstendig måte anvende ulike kartleggingstilnærmingar og kritisk vurdere (teoretisk og praktisk) korleis bruken av desse kan verke inkluderande- og/eller ekskluderande

beherskar ulike metodiske forskingsdesign, og kan reflektere og diskutere etiske dilemma ved bruk av desse

kan anvende teoriar og metodar til å gjennomføre eit sjølvstendig avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer


Generell kompetanse

Kandidaten..

kan formidle faglege problemstillingar, analyser og konklusjonar innanfor teori og praksis både skriftleg og munnleg

har gjennom fordjuping i teori og praksis frå oppvekst- og utdanningssektoren tileigna seg kompetanse for yrkesutøving

kan bidra til nytenking i opplæringssektoren og støttetenestene

Opptakskrav

Masterprogrammet i spesialpedagogikk byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i spesialpedagogikk eller tilsvarande.

Søkjarar blir rangert i prioritert rekkjefølgje:

  1. Søkjarar med bachelorgrad i spesialpedagogikk vil ha første prioritet ved opptak. Søkjarane blir rangert på bakgrunn av karakterar.
  2. Om det er ledige studieplassar etter opptak frå rekkjefølgje 1, vert kvalifiserte søkjarar i rekkjefølgje 2 vurdert til opptak, rangert etter karakter. Dette er søkjarar med bachelorgrad i pedagogikk eller profesjonsutdanning innan pedagogikk, som har minimum 60 studiepoeng spesialpedagogikk anten som del av graden eller i tillegg til graden.
  3. Om det er ledige studieplassar etter opptak frå rekkjefølgje 1 og 2, vert kvalifiserte søkjarar i rekkjefølgje 3 vurdert til opptak, rangert etter karakter. Dette er søkjarar som har anna relevant utdanning som tilsvarar ein bachelorgrad, til dømes innan psykologi, barnevern, logopedi eller liknande. For desse er det eit krav om minimum 60 studiepoeng spesialpedagogikk, anten som del av graden eller i tillegg til graden.

Døme på bachelorgradar som kvalifiserer til å søke opptak etter rekkjefølgje 1. (lista i ikkje prioritert rekkefølgje):

Bachelorgrad i spesialpedagogikk, Universitetet i Bergen

Bachelor i pedagogikk med vekt på spesialpedagogikk og interkulturell pedagogikk, NLA Høgskolen

Bachelor i spesialpedagogikk, Høgskolen i Innlandet

Bachelor i spesialpedagogikk, Universitet i Agder

Bachelor i spesialpedagogikk, Universitet i Oslo

Bachelor i spesialpedagogikk, Universitet i Tromsø

Bachelor i spesialpedagogikk, Universitetet i Søraust-Norge

Døme på pedagogiske utdanningar som kvalifiserer til å søke opptak etter rekkjefølgje 2 (lista i ikkje prioritert rekkefølgje):

Bachelorgrad i pedagogikk

Allmennlærarutdanning

Barnehagelærarutdanning

Førskulelærarutdanning

Lektorutdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Døme på relevant utdanning som kvalifiserer til å søke opptak i etter rekkjefølgje 3 (lista i ikkje prioritert rekkefølgje):

Bachelorgrad i barnevern

Bachelorgrad i psykologi

Bachelorgrad i logopedi

Poengutrekning:

  • For søkjarar med 1 prioritet: Minimum 90 studiepoeng frå spesialpedagogikkemne i utdanninga vil inngå i poengutrekninga.
  • For søkjarar med 2 prioritet: Minimum 30 studiepoeng frå pedagogikkemne i utdanninga, samt 60 studiepoeng frå spesialpedagogikkemne, anten som ein del av graden eller i tillegg til graden, vil inngå i poengutrekninga. Om du har tatt emne med namn som ikkje er tydeleg knytt til spesialpedagogikk, kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner emna er relevante.
  • For søkjarar med 3 prioritet: For andre utdanningar som tilsvarar ein bachelorgrad, er det eit krav om minimum 60 studiepoeng spesialpedagogikk anten som del av graden eller i tillegg til graden. Dei 60 studiepoenga i spesialpedagogikk vil inngå i poengutrekninga, i tillegg til 30 studiepoeng frå spesialiseringa. Der mengd fordjuping/spesialisering i graden ikkje blir spesifisert, blir alle emna i bachelorgraden brukt i poengutrekninga. Om du har tatt emne med namn som ikkje er tydeleg knytt til spesialpedagogikk, kan du legge ved eit notat til opptaket som skildrar korleis du meiner emna er relevante.

Du må også ha:

Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte. Minstekrav til norsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i spesialpedagogikk er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav. Det presiserast at søkarane må ha god skriftleg og munnleg framføringsevne på norsk og må aktivt kunne delta i undervisning og gruppearbeid på campus.

Ved oppstart må studentane leggje fram gyldig politiattest

Rekkefølgje for emne i studiet

Første år:

1. semester (haust):

SPED311: Spesialpedagogisk grunnlagstenking (15 stp)

SPED315: Education for gifted and talented children/Opplæring og undervisning for barn og elevar med ekstraordinært læringspotensial (5 stp)

SPED316: Systemarbeid og kartlegging (10 stp)

2. semester (vår):

SPED312: Forskingsmetode (15 stp)

SPED317: Spesialpedagogisk rådgjeving i teori og praksis (15 stp)

Andre år:

1. og 2. semester (haust og vår):

SPED395: Masteroppgåve i spesialpedagogikk (60 stp)

Arbeids- og undervisningsformer

Fagmiljøet i spesialpedagogikk held til i Vektertorget, Christies gate 13 og i Christies gate 12 som er hovudbygget til Det psykologiske fakultetet. Det er óg her du vil tilbringe mesteparten av tida di som masterstudent.

All undervisning i masterstudiet vil i utgangspunktet skje fysisk på campus. Einskilde emne vil ha noko digital undervsining. Undervisningsformer er retta mot å førebu deg på sjølvstendig arbeid med masteroppgåva, men og for å gjere deg kjend med ulike arbeidsformer som du kan møte på i arbeidslivet.

Studiet er bygd opp av desse elementa:

Forelesingar
Seminar
Praksis i støttetenestene
Sjølvstudium
Masteroppgåve


Alle studentorganisasjonane ved Det psykologiske fakultetet er samla under Psykologisk studentforening (PSF). Vi har eit eige Fagutval for pedagogikk og spesialpedagogikk som skal være eit bindeledd mellom studentane og leiinga ved fakultetet

Undervisningsmetodar

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer (digitale og/eller fysiske) som inviterer til studentaktivitet. Dette kan til dømes vere ulike oppgåver, erfaringar frå observasjonspraksis, ulike case som studentane må løyse åleine og/eller saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og forelesingar og seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar på skriftlege og munnlege arbeid undervegs i studiet. Det vert lagt til rette for digitale undervisningsformer og ulike former for digital samarbeidslæring undervegs i studiet, og på ulike emne. Ved digitale undervisningsformer blir det også lagt vekt på at studentane viser seg aktive gjennom det å vere synleg samt å delta i dialog og diskusjon.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg ulike kombinasjonar av følgjande vurderingsformer: heimeeksamen, munnleg eksamen og semesteroppgåve.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Gjev grunnlag for vidare forskarutdanning (PhD).

Relevans for arbeidsliv

Master i spesialpedagogikk gir deg moglegheit for jobb på område der kompetanse innan læring og utvikling hjå born, ungdom og vaksne med særskilte behov er relevant, til dømes innanfor støttetenester som PP-tenesta, BUP og Statped, samt innanfor kriminal- og rusomsorg, helse- og sosialsektoren, arbeidsinkludering, kultursektoren eller andre delar av velferdsforvaltninga.

Med master i spesialpedagogikk er du mellom anna kvalifisert til å søke stillingar som:

Leiarstilling

Rådgivar i utdanningssektoren (t.d. i PP-tenesta)

Undervisning- og forskingsarbeid (inkl. doktorgrad) ved universitet og høgskule

Administrativt arbeid knytt til studieavdelingar ved universitet og høgskule (studiekonsulent, programkoordinator m.m.)

Arbeid med barn og unge med ulike læringsutfordringar i offentlege og private institusjonar

Master i spesialpedagogikk gir aktuell kompetanse for rådgjeving- og utviklingsarbeid i skule og barnehage. Den kvalifiserer vanlegvis ikkje til undervisningsstilling som spesialpedagog med mindre du også har ei barnehagelærar- eller lærarprofesjonsutdanning i fagkretsen din.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 859) fastsett av Kunnskapsdepartementet 30. juni 2006 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til å jobbe som spesialpedagog. Sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre leddet).

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ institutt for pedagogikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet