Hjem

Informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør), master, 5 år

Ønsker du eit sivilingeniørstudium med sterkt innslag av økonomi? Då er det integrerte masterprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi, ITØK, midt i blinken for deg.
  • Lengde5 År
  • Plassar25
  • OpptakskravSIVING
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Det blir nytt ITØK webmøte tirsdag 16. mars kl 14 på zoom. Lenke her. Alle er velkommen!

Her finner du spørsmål og svar fra tidligere nettmøter

Studiet gir deg brei kompetanse innan informasjonsteknologi og økonomi. Du kan spesialisere deg innan ei rekke område, som kunstig intelligens, maskinlæring, fintech, bedriftsøkonomi, web science og datatryggleik. Som ein del av studiet vil du få praksis gjennom utplassering i næringslivet.

Studiet gir deg unik kompetanse for å analysere komplekse problemstillingar i skjæringsfeltet mellom teknologi og økonomi.  

Meir informasjon under

Sivilingeniør i informasjonsteknologi og økonomi

Producer:
Kindea Labs
Kva kan du bli?

Studiet gir deg eit verktøy som gjer deg svært attraktiv i arbeidsmarknaden. Med sivilingeniørstudiet i ITØK er du aktuell for jobb innan:

  • Finans og bank
  • Høgteknologibedrifter
  • IT og telekommunikasjon
  • Konsulentbransjen
  • Gründerverksemd
  • Offentleg forvaltning og forsking
  • Store industriselskap

Les analyse av lønsvilkår for samfunnsøkonomar

Meir informasjon under

Oppbygging

ITØK-studiet er på 300 studiepoeng fordelt over fem år, og startar i august.

Seks emne i studieplanen er valfrie (eitt år tilsaman). Undervisinga og litteraturen er på norsk og engelsk.

Masteroppgåva er på 30 studiepoeng, altså eit halvt år. Det er mulighet til å avtale masterprosjekt i samarbeid med næringslivet eller offentleg forvaltning.

Slik er studiet bygd opp:

1.semester 

2.semester 

3.semester 

  • INFO180 Metodar i kunstig intelligens/ INF161 Innføring i data science 
  • ECON210 Velferd og økonomisk politikk 
  • STAT110 Grunnkurs i statistikk

4.semester

  • ITØK281 Utplassering i informasjonsteknologi og økonomi
  • INFO284 Machine learning 
  • ECON263 Bedriftsøkonomi for samfunnsøkonomar

5.semester 

  • ITØK204 Statistikk og økonometri
  • INF140 Introduksjon til datatryggleik
  • INF170 Modellering og optimering  

6.semester 

7.semester

  • ECON340 Økonometri I
  • ECON310 Mikroøkonomisk analyse
  • Valemne INFO 200- eller 300-nivå/INF 200-nivå 

8.semester

  • ITØK381 Ekspertar i team 
  • ITØK320 Supply Chain Analytics/ECON364 Corporate Finance/ECON360 Strategisk bedriftsadferd og markedsmakt
  • Valemne INFO 300-nivå/INF 200-nivå 

9.semester 

  • Valemne ECON 300-nivå (eventuelt NHH)
  • Valemne ECON 300-nivå (eventuelt NHH)
  • Valemne ECON 300-nivå /INFO 300-nivå/INF 200-nivå  (eventuelt NHH)

  10.semester

(Valgemner på NHH må være på masternivå)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Du blir del av ein relativt liten klasse med høgt kvalifiserte studentar. Små klasser gjer det lettare å halde kontakten og følge kvarandre opp gjennom studiet. Oppfølginga frå fagleg stab er tett, blant anna gjennom skreddarsydde kurs og individuell rådgiving og rettleiing. Du er i nær kontakt med arbeidslivet, med praksisemne alt i fjerde semester. 

I løpet av ei typisk veke vil du ha forelesingar, seminar, praktiske øvingar, tid på lesesalen, gruppearbeid, samt andre studentaktivitetar. I tillegg kjem praksis i periodar. Studiet er eit fulltidsstudium og lar seg ikkje kombinere med fulltidsjobbing utanom.

UiB er ein leiar i innovasjon og har landets nest største miljø for femårige sivilingeniørutdanningar.

Kva lærer du?

ITØK-studiet gir 

  • Brei kjennskap til tema som big data, maskinlæring, fintech og kunstig intelligens.
  • Solid kunnskap i økonomisk teori.
  • Svært gode ferdigheter i dataanalyse. 
  • Mulighet til å jobbe både sjølvstendig og i grupper med avanserte problemstillingar innan økonomi og IKT.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Universitetet i Bergen har mange spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal og Spania.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke?

For å søke dette studieprogrammet må du ha  generell studiekompetanse  og SIVING:  Matematikk R1 (eller S1 og S2) + R2 + Fysikk 1. 

Søknadsfristen er 15. april.  

Søk her   (søk på Informasjonsteknologi og økonomi eller 184803)