Information Technology and Economics, Integrated Master's, 5 years
- Years5 Years
- ECTS300
- StartAutumn
Main content
Kva lærer du?
ITØK-studiet gir deg
- brei kjennskap til tema som big data, maskinlæring, finansteknologi (fintech) og kunstig intelligens
- solid kunnskap i økonomisk teori
- svært gode ferdigheiter i programmering og dataanalyse
- anledning til å jobbe både sjølvstendig og i grupper med avanserte problemstillingar innan økonomi og IKT
Studiekvardag
Som ITØK-student blir du del av ein relativt liten klasse med høgt kvalifiserte studentar. Små klassar gjer det lettare å halde kontakten og følge kvarandre opp gjennom studiet. Oppfølging frå fagleg stab er tett, blant anna gjennom skreddarsydde kurs og individuell rådgjeving.
Du er i nær kontakt med næringslivet frå starten, og allereie i fjerde semester er det utplassering i ei bedrift. Blant våre praksisbedrifter finn du blant anna Equinor, PwC, Stacc, Skatteetaten og Deloitte. Studiet har også workshops to gongar i året med bedriftspresentasjonar frå næringsliv og forvaltning.
Ei typisk studieveke vil innehalde forelesingar, seminar, praktiske øvingar, tid på lesesal, gruppearbeid, samt andre studentaktivitetar. Mange av studentaktivitetane er organisert gjennom linjeforeininga til ITØK-studentane, Enigma.
Studiet er eit fulltidsstudium og lar seg ikkje kombinere med fulltidsjobb utanom.
UiB er ein leiar i innovasjon og har landets nest største miljø for femårige sivilingeniørutdanningar.
Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
More information below
Studer ITØK i Bergen
Kva kan du jobbe som?
Studiet gir deg eit verktøy som gjer deg svært attraktiv i arbeidsmarknaden. Med sivilingeniørstudiet i ITØK er du aktuell for jobb innan:
- finans og bank
- høgteknologibedrifter
- IT og telekommunikasjon
- konsulentbransjen
- gründerverksemd
- offentleg forvaltning og forsking
- store industriselskap
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april
Studiets oppbygging
ITØK-studiet er på 300 studiepoeng fordelt over fem år. Det er oppstart i august kvart år. Seks emne i studieplanen er valfrie (eitt år tilsaman). Undervisninga og pensum er på norsk og engelsk. Masteroppgåva er på 30 studiepoeng, altså eit halvt år. Det er mogleg å avtale masterprosjekt i samarbeid med næringslivet eller offentleg forvaltning.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester
- ITØK101 Mikroøkonomi (10 studiepoeng)
- INFO132 Innføring i programmering (10 studiepoeng)
- MAT111 Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng)
2. semester
- ITØK102 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
- INFO135 Vidarekommande programmering (10 studiepoeng)
- MNF130 Diskrete strukturar (10 studiepoeng)
3. semester
- INF170 Modellering og optimering (10 studiepoeng)
- ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
- STAT110 Grunnkurs i statistikk(10 studiepoeng)
4. semester
- ITØK281 Utplassering i bedrift (10 studiepoeng)
- ITØK264 Financial technology (10 studiepoeng)
- ECON263 Bedriftsøkonomi for samfunnsøkonomar (10 studiepoeng)
5. semester
- ITØK204 Økonometri og dataanalyse (10 studiepoeng)
- INF140 Introduksjon til datatryggleik (10 studiepoeng)
- INFO180 Metodar i kunstig intelligens (10 studiepoeng) eller INF161 Innføring i data science (10 studiepoeng)
6. semester
- ITØK170 Energi- og miljøfysikk (10 studiepoeng)
- INFO284 Machine learning (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum (10 studiepoeng)
7. semester
- ECON340 Økonometri I (10 studiepoeng)
- ECON310 Mikroøkonomisk analyse (10 studiepoeng)
- Valemne INFO eller INF på masternivå (10 studiepoeng)
8. semester
- ITØK381 Ekspertar i team (10 studiepoeng)
- ITØK320 Supply Chain Analytics (10 studiepoeng) eller ECON364 Corporate Finance (10 studiepoeng) eller ECON360 Strategisk bedriftsadferd og markedsmakt (10 studiepoeng)
- Valemne INFO eller INF på masternivå (10 studiepoeng)
9. semester
- Valemne ECON på masternivå (eventuelt NHH)
- Valemne ECON på masternivå (eventuelt NHH)
- Valemne ECON/INFO eller INF på masternivå (eventuelt emne frå NHH)
10. semester
- ITØK391 Masteroppgåve (30 studiepoeng)
(Valgemne på NHH må vere på masternivå)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Universitetet i Bergen har mange spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal og Spania.
Som ITØK student har du også anledning til å søke på eigne avtalar med Berkeley og UC San Diego.
Spørsmål om studiet?
Telefon: 55 58 90 08
E-post: itok@uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.
Les heile studieplanen.
More information below