Manusutvikling for seriar, master, 2 år
- Lengde2 År
- Plassar10
- KarakterkravMinimum C
- SpråkNorsk
- Studiepoeng120
- StartHaust
Hovedinnhold
Masterprogrammet i manusutvikling for seriar er ei spesialisert utdanning i manusskriving for serieformat. Studiet gjer deg i stand til å utvikle idear og manus for ulike produksjonar til tv og web.
På dette studiet er vi opptatt av å finne ut av:
- Korleis fungerer ulike kreative prosessar og metodar?
- Korleis kan ein best organisere skrivearbeidet på ulike typar produksjonar og ulike typar serieformat?
- Kor foreinleg er kvalitet og popularitet, og kva er det ulike aktørar på marknaden er mest opptatt av?
Vi held til i Media City Bergen, ei kunnskaps- og næringsklynge der universitetet held til saman med medieselskap som TV 2, NRK, ITV Studios, og Bergens Tidende, samt ei rekke medieteknologiselskap. Dette gir studentane ein unik nærleik til mediebransjen.
Meir informasjon under
Master i manusutvikling for serier
Jobb
Med denne utdanninga kan du jobbe med manus på fiksjons- eller dokumentarproduksjonar for tv, web eller film, både i store organisasjonar og som sjølvstendig manusforfattar.
TV-bransjen har i fleire år etterspurt ei satsing på utdanning i idé- og manusutvikling, etter at ein i aukande grad har forstått at kvaliteten på manus er avgjerande for kor vellukka eit serieprosjekt blir. Det er difor stor interesse blant tv-kanalane for unge skrivetalent. Les om NRK-serien «Rykter», som har mobilisert kreative krefter frå masterutdanninga i manusutvikling for seriar.
Med ein mastergrad i manusutvikling kan du òg gå vidare og ta ein doktorgrad (ph.d.).
Meir informasjon under
Studiekvardag
Undervisninga er på norsk, mens litteraturen er på både norsk og engelsk.
Undervisninga skjer gjennom forelesningar, seminargrupper, rettleiing og sjølvstudium. I tillegg har vi nokre av dei fremste manusforfattarane i landet til å gjesteforelese, halde workshop og gi tilbakemelding på tekstane dine. Vi har blant anna hatt besøk av Odd-Magnus Williamson (Ingenting å le av), Sara Johnsen (22. juli), Linn-Jeanethe Kyed (Rådebank, RIP Henry), Henriette Steenstrup (Pørni), Thomas Torjussen (Koselig med peis, ZombieLars, Kuppel 16), Siri Seljeseth (Unge Lovende), Lars Gudmestad (Julekongen, Helt perfekt, Neste sommer), Bjørn Olaf Johannessen (Kampen for tilværelsen), og Geir Henning Hopland (Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?).
Det er også sett av eigne veker via til skriving på eiga hand. Sjølv om du har stor fridom, er det ein føresetnad at du aktivt møter opp gjennom studiet. Det er lagt opp til at du arbeider med studiet på heiltid, og det let seg ikkje ta som fjernstudium eller nettstudium.
Både utplassering og diverse skriveøvingar og seminar der studentane gir tilbakemelding på kvarandre sine tekstar er obligatorisk. Du får tilgang til arbeidsplass på delt lesesal, eller du kan søke om eigen lesesalsplass.
Meir informasjon under

Fagansvarleg Øyvind Vågnes fortel om studiet
Oppbygging
Mastergradsstudiet i manusutvikling for seriar er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august.
Studiet er sett saman av to delar: ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve med utplassering på 60 studiepoeng.
Første studieår:
- MAN301 Introduksjon til manusutvikling for seriar (30 sp)
- MAN302 Fordjuping i manusutvikling for seriar (30 sp)
Andre studieår:
- MAN350 Utplassering og masteroppgåve (60 sp)
Masterprosjektet går ut på å utvikle manus til ein fiksjonsserie eller dokumentarserie, med ein tilhøyrande produksjonsrapport der du reflekterer over det praktiske arbeidet.
Du vel sjølv tema for det kreative skrivearbeidet, og får hjelp med å utvikle ideane dine av faglærarar. Under skrivinga får du oppfølging av erfarne manusforfattarar og vitskapleg tilsette.
Du kan ha utplassering som del av studiet, som gjer at du kjem tett på bransjen. Tidlegare studentar har til dømes vore utplassert hos ITV og NRK. Utplasseringa avtalar du i samarbeid med faglæraren.
Kva lærer du
Det viktigaste du lærer på denne utdanninga, er å utvikle skriveferdigheiter og forteljingskompetanse. Dette gjer du i samspel med høgt kvalifiserte forskarar og somme av landets fremste manusforfattarar undervegs. Kombinasjonen av høg akademisk kompetanse og høg praktisk kompetanse er unik for dette programmet.
Du får kunnskap om korleis du finn og dyrkar fram idear og konsept for seriar. I tillegg lærer du å skrive profesjonelt for serieproduksjonar, og kan bidra til nytenking om manusutvikling.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle
Søknadsfristen er 15. april.