Hjem
Utdanning

Studieplan for PRPSYK Psykologi, profesjon, 6-6,5 år, vår 2022

Namn på grad

Candidatus psychologiae / Candidata psychologiae

Omfang og studiepoeng

Profesjonsstudiet i psykologi har eit omfang på 360 studiepoeng og er normert til 6 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Profesjonsprogrammet i psykologi er eit studium på 6 år. Det er eit integrert akademisk og praktisk studium på høgare nivå, og det kvalifiserer for søknad om autorisasjon som psykolog etter bestått utdanning som omfattar 360 studiepoeng. Utdanninga bygger på «scientist-practitioner»- modellen (Boulder-modellen) og Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning. Studiet er eit heiltidsstudium.

Studiet skal bringe fram breitt kompetente allmennpraktiserande psykologar som skal kunne ta ansvar for psykisk helse i eit heilskapleg perspektiv. Samtidig skal det gi kandidatane grunnlag for livslang læring, spesialisering og forskarutdanning. Gjennom kontinuerleg integrasjon av anvende fag og basalfag, etikk, forskingsmetode, ferdigheitstrening og praksis fører utdanninga fram til graden cand.psychol. (jf. Forskrift om nasjonal retningslinje for psykologutdanning § 2).

Studiet skal sikre samfunnet kandidatar som har kunnskapar, haldningar og ferdigheiter som er naudsynte for forsvarleg utøving av psykologyrket.Kandidaten skal på sjølvstendig grunnlag kunne anvende denne breie kompetansen til å forstå, greie ut, diagnostisere, behandle og evaluere psykologiske problem hos individ, familiar og grupper, samt til å drive helsefremmande og forebyggande arbeid. Dette tilseier at undervisninga i størst mogeleg grad skal vere forskingsbasert, fagleg oppdatert og tilpassa det behovet befolkninga har for ulike typar psykologtenester.

Programmet er eit seksårig integrert studium som byggjer på ulike temaområde innanfor psykologi og tilgrensande område. I studiet vert følgjande tema med betydning for utøving av psykologyrket samordna og utdjupa:

Praktiske/kliniske tema i psykologisk arbeid

  • Profesjonell og etisk haldning i psykologfagleg arbeid
  • Utgreiing og diagnostikk
  • Psykologisk utgreiing og behandling
  • Helsefremming
  • Utviklingsarbeid: Forbetring av psykologtenester
  • Kommunikasjon og leiing
  • Psykologrolla
  • Organisasjons- og systemforståing

Akademiske/forskingsbaserte tema

  • Psykologiske basaldisiplinar og teoretiske tilnærmingar i psykologi
  • Anvende område i psykologi
  • Vitskapsteori og overordna metodespørsmål
  • Psykologiens historie
  • Metodar for datainnsamling og databehandling
  • Vitskapleg kommunikasjon og akademisk formidling

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

  • Kunne gjere greie for og kritisk drøfte psykologiens historiske kontekst og teoretiske og vitskaplege grunnlag.
  • Gjere greie for og drøfte kunnskap om samanhengen mellom vitskap og evidensbasert praksis og tydinga av denne samanhengen for yrkesutøvinga.
  • Analysere aktuelt forskings- og utviklingsarbeid og tydinga desse har for yrkesutøving.
  • Gjere greie for og drøfte psykologiske metodar for utgreiing og tiltak ovanfor individ, grupper og organisasjonar.
  • Gjere greie for og drøfte teoriar om korleis biologiske, individualpsykologiske, relasjonelle, samfunnsmessige og kulturelle tilhøve konstituerer og påverkar grupper og individ (med omsyn til kjønn, alder og etnisitet).
  • Gjere greie for relevant lovverk, reglar og retningsliner.

Ferdigheiter

  • Anvende eit breitt spekter av metodar for psykologisk utgreiing og behandling på ein sjølvstendig måte.
  • Planlegge, utvikle og bidra til innovasjon av behandling og tiltaks-program på vitskapleg grunnlag.
  • Planlegge, gjennomføre og formidle resultata av eit sjølvstendig, avgrensa psykologisk forskingsarbeid i tråd med faglege, metodiske og etiske retningslinjer.
  • Drive forsvarleg psykologisk behandling og bruke metodar som sikrar medverknad frå pasientar/brukarar.
  • Gjere greie for utgreiing, tiltak og resultat, og underbygge desse med relevant forsking, lover og reglar, skriftleg og munnleg, ovanfor gjeldande partar.
  • Planlegge, leie og gjennomføre førebyggande og helsefremmande arbeid, samt utviklings- og endringsarbeid hos individ, grupper, organisasjonar og miljø.
  • Halde seg oppdatert innan internasjonal fag- og forskingslitteratur og vurdere bruk av denne i eige arbeid.
  • Arbeide løysingsorientert i samarbeid med andre yrkesgrupper.
  • Kritisk og systematisk evaluere eiga verksemd.

 

Generell kompetanse

  • Utøve etisk medvit og akademisk ærlegdom ved bruk og formidling både av eigne og andre sine fag- og forskingsbidrag.
  • Reflektere rundt psykologifagets posisjon og innverknad i samfunnet, og analysere teoretiske, forskingsmessige, etiske og kliniske problemstillingar ut frå ei vitskapsteoretisk forståing.
  • Vurdere, ut frå eit vitskapleg fundert heilskapssyn på mennesket, åtferd, handlingsmønster og veremåtar i lys av etiske prinsipp, menneskerettane og den etniske og kulturelle bakgrunnen til klientane.
  • Identifisere og ta stilling til etiske aspekt ved eigne forskings- og utviklingsprosjekt.
  • Te seg profesjonelt ovanfor klientar og deira pårørande.
  • Reflektere rundt ansvaret psykologiprofesjonen har for å ivareta marginaliserte grupper.
  • Kunne kommunisere om, og formidle, psykologifagleg kunnskap både til andre faggrupper, spesialistar og allmenta.
  • Kontinuerleg utvikle sjølvinnsikt og relasjonsferdigheiter, identifisere eige behov for ytterlegare kunnskap og fortløpande utvikle kompetansen sin.
  • Reflektere rundt psykologiprofesjonens rolle og kompetanse i tverrprofesjonelt samarbeid.

Opptakskrav

For å søke opptak til profesjonsstudiet i psykologi må du ha generell studiekompetanse eller oppfylle krava til realkompetanse.

Obligatoriske emne

Obligatoriske emne for studentar som begynner på studiet frå og med hausten 2021

 

1. semester

PRPSYK100 (5 sp) Psykologiens historie

PRPSYK301A (10 sp) Profesjonsførebuande 1 - Psykisk helse, behandling og fagetikk

PRPSYK301B (5 sp) Profesjonsførebuande 2 - Helse, samfunn og psykologrolle

PSYK112 (10 sp) Sosial- og personlegdomspsykologi

 

2. semester

PRPSYKVIT (5 sp) Psykologiens vitskapsteori og forskingsmetodar

EXPHIL-EKS (10 sp) Examen philosophicum - skuleeksamen

Eller

EXPHIL-SEM (10 sp) Examen philosophicum - seminarmodell

PSYK114 (15 sp) Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi

3. semester

PRPSYKMET (10 sp) Metode II ¿ Kvantitativ og kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

PRPSYK301C (5 sp) Profesjonsførebuande 3 ¿ Kommunikasjon og profesjonsutøving

PRPSYK302 (15 sp) Utviklingspsykologi

4. semester

PRPSYK303 (15 sp) Biologisk psykologi

PRPSYK304 (15 sp) Kognitiv nevrovitskap

Etter 4. semester vert kullet delt i to, eit A-kull og eit B-kull. A-kullet går direkte vidare til 5. semester om hausten, medan B-kullet har eit valsemester før dei går vidare på 5. semester påfølgjande vår. Du kan lese meir om deling av kullet her: https://www.uib.no/psyfa/114959/deling-av-kullet-etter-2-studieår

5. semester

PRPSYK305 (15 sp) Kognitiv psykologi

PRPSYK306 (15 sp) Klinisk nevropsykologi

6. semester

PRPSYK307 (15 sp) Skule- og opplæringspsykologi

PRPSYK308 (15 sp) Personlegdomspsykologi

7. semester

PRPSYK309 (15 sp) Sosialpsykologi

PRPSYK310 (15 sp) Kultur, helse og utvikling

8. semester

PRPSYK311A (6 sp) Psykologisk kartlegging

PRPSYK311B (14 sp) Psykologisk behandling

PRPSYK311C (4 sp) Psykologen som leiar

PRPSYK314 (22 sp) Intern klinisk-psykologisk praksis (Går 8.-10. semester)

9. semester

PRPSYK312A (12 sp) Psykologisk behandling II

PRPSYK312B (5 sp) Psykologisk behandling III

PRPSYK312C (5 sp) Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis

PRPSYK314 (22 sp) Intern klinisk-psykologisk praksis (Går 8.-10. semester)

10. semester

PRPSYK313 (7 sp) Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete

PRPSYK314 (22 sp) Intern klinisk-psykologisk praksis (Går 8.-10. semester)

PRPSYK315 (15 sp) Samfunnspsykologi

11. semester

PRPSYK316 (30 sp) Ekstern fordjupingspraksis

12. semester

PRPSYK317 (30 sp) Hovudoppgåve

 

Obligatoriske emne for studentar som begynte på studiet før hausten 2021

1. semester

PROPSY100 (5 sp ) Psykologiens historie

PSYK112 (10 sp) Sosial- og personlegdomspsykologi

PSYK113 (5 sp) Innføring i metode

PROPSY301A (10 sp) Profesjonsførebuande 1 - Psykopatologi, psykologisk behandling og fagetikk

2. semester

PSYK114 (15 sp) Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi

PROPSY301B (5 sp) Profesjonsførebuing 2 - Helse, samfunn og psykologrolle

EXPHILEKS (10 sp) Examen philosophicum skuleeksamen

Eller

EXPHILSEM (10 sp) Examen philosophicum - seminarmodell

3. semester

PROPSY301C (5 sp) Profesjonsførebuing 3 - Kommunikasjon og profesjonsutøvelse

PROPSY302 (15 sp) Utviklingspsykologi

PROPSYMET (5 sp) Metode II - Kvantitativ og kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

4.semester

PROPSY303 (15 sp) Biologisk psykologi

PROPSY304 (15 sp) Kognitiv nevrovitenskap

Etter 4.semester vert kullet delt i to, eit A-kull og eit B-kull. A-kullet går direkte vidare til 5. semester om hausten, medan B-kullet har eit valsemester før dei går vidare på 5. semester påfølgande vår. Du kan lese meir om deling av kullet her: https://www.uib.no/psyfa/114959/deling-av-kullet-etter-2-studieår

5. semester

PROPSY305 (15 sp) Kognitiv psykologi

PROPSY306 (15 sp) Klinisk nevropsykologi

6. semester

PROPSY307 (15 sp) Skule- og opplæringspsykologi

PROPSY308 (15 sp) Personlighetspsykologi

7. semester

PROPSY309 (15 sp) Sosialpsykologi

PROPSY310 (15 sp) Kultur, helse og utvikling

8. semester

PROPSY311A (6 sp) Psykologisk kartlegging

PROPSY311B (14 sp) Psykologisk behandling

PROPSY311C (4 sp) Psykologen som leiar

PROPSY314 (18 sp) Intern klinisk-psykologisk opplæring (Går 8.-10. semester)

9. semester

PROPSY312A (14 sp) Psykologisk behandling II

PROPSY312B (5 sp) Psykologisk behandling III

PROPSY312C (5 sp) Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis

PROPSY314 (18 sp) Intern klinisk-psykologisk opplæring (Går fra 8.-10. semester)

10. semester

PROPSY313 (9 sp) Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete

PROPSY315 (15 sp) Samfunnspsykologi

PROPSY314 (18 sp) Intern klinisk-psykologisk opplæring (Går fra 8.-10. semester)

11. semester

PROPSY316 (30 sp) Ekstern fordjupingspraksis

12. semester

PROPSY317 (30 sp) Hovudoppgåve psykologprogrammet

Rekkefølgje for emne i studiet

 Emnerekkefølgje for studentar med opptak fra og med haust 2021:

 

 

1. semester

PRPSYK100 (5 sp) Psykologiens historie

PRPSYK301A (10 sp) Profesjonsførebuande 1 - Psykisk helse, behandling og fagetikk

PRPSYK301B (5 sp) Profesjonsførebuande 2 - Helse, samfunn og psykologrolle

PSYK112 (10 sp) Sosial- og personlegdomspsykologi

 

2. semester

PRPSYKVIT (5 sp) Psykologiens vitskapsteori og forskingsmetodar

EXPHIL-EKS (10 sp) Examen philosophicum - skuleeksamen

Eller

EXPHIL-SEM (10 sp) Examen philosophicum - seminarmodell

PSYK114 (15 sp) Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi

3. semester

PRPSYKMET (10 sp) Metode II ¿ Kvantitativ og kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

PRPSYK301C (5 sp) Profesjonsførebuande 3 ¿ Kommunikasjon og profesjonsutøving

PRPSYK302 (15 sp) Utviklingspsykologi

4. semester

PRPSYK303 (15 sp) Biologisk psykologi

PRPSYK304 (15 sp) Kognitiv nevrovitskap

Etter 4. semester vert kullet delt i to, eit A-kull og eit B-kull. A-kullet går direkte vidare til 5. semester om hausten, medan B-kullet har eit valsemester før dei går vidare på 5. semester påfølgjande vår. Du kan lese meir om deling av kullet her: https://www.uib.no/psyfa/114959/deling-av-kullet-etter-2-studieår

5. semester

PRPSYK305 (15 sp) Kognitiv psykologi

PRPSYK306 (15 sp) Klinisk nevropsykologi

6. semester

PRPSYK307 (15 sp) Skule- og opplæringspsykologi

PRPSYK308 (15 sp) Personlegdomspsykologi

7. semester

PRPSYK309 (15 sp) Sosialpsykologi

PRPSYK310 (15 sp) Kultur, helse og utvikling

8. semester

PRPSYK311A (6 sp) Psykologisk kartlegging

PRPSYK311B (14 sp) Psykologisk behandling

PRPSYK311C (4 sp) Psykologen som leiar

PRPSYK314 (22 sp) Intern klinisk-psykologisk praksis (Går 8.-10. semester)

9. semester

PRPSYK312A (12 sp) Psykologisk behandling II

PRPSYK312B (5 sp) Psykologisk behandling III

PRPSYK312C (5 sp) Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis

PRPSYK314 (22 sp) Intern klinisk-psykologisk praksis (Går 8.-10. semester)

10. semester

PRPSYK313 (7 sp) Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilete

PRPSYK314 (22 sp) Intern klinisk-psykologisk praksis (Går 8.-10. semester)

PRPSYK315 (15 sp) Samfunnspsykologi

11. semester

PRPSYK316 (30 sp) Ekstern fordjupingspraksis

12. semester

PRPSYK317 (30 sp) Hovudoppgåve

 

 

 

 

Emnerekkefølgje for studentar med opptak før haust 2021:

1. semester

PROPSY100 (5 sp) Psykologien si historie

PSYK112 (10 sp) Sosial- og personlegdomspsykologi

PSYK113 (5 sp) Innføring i metode

PROPSY301A (10 sp) Profesjonsførebuande 1 - Psykopatologi, psykologisk behandling og fagetikk

2. semester

PSYK114 (15 sp) Utviklings-, kognitiv og biologisk psykologi

PROPSY301B (5 sp) Profesjonsførebuande 2 - Helse, samfunn og psykologrolle

EXPHIL-EKS (10 sp) Examen philosophicum - skuleeksamen

Eller

EXPHIL-SEM (10 sp) Examen philosophicum - seminarmodell

3. semester

PROPSY301C (5 sp) Profesjonsførebuande 3 - Kommunikasjon og profesjonsutøvelse

PROPSY302 (15 sp) Utviklingspsykologi

PROPSYMET (5 sp) Metode II - Kvantitativ og kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap

4. semester

PROPSY303 (15 sp) Biologisk psykologi

PROPSY304 (15 sp) Kognitiv nevrovitenskap

Etter 4. semester vert kullet delt i to, eit A-kull og eit B-kull. A-kullet går direkte vidare til 5. semester om hausten, medan B-kullet har eit valsemester før dei går vidare på 5. semester påfølgjande vår. Du kan lese meir om deling av kullet her: https://www.uib.no/psyfa/114959/deling-av-kullet-etter-2-studieår

5. semester

PROPSY305 (15 sp) Kognitiv psykologi

PROPSY306 (15 sp) Klinisk nevropsykologi

6. semester

PROPSY307 (15 sp) Skole- og opplæringspsykologi

PROPSY308 (15 sp) Personlegdomspsykologi

7. semester

PROPSY309 (15 sp) Sosialpsykologi

PROPSY310 (15 sp) Kultur, helse og utvikling

8. semester

PROPSY311A (6 sp) Psykologisk kartlegging

PROPSY311B (14 sp) Psykologisk behandling

PROPSY311C (4 sp) Psykologen som leiar

PROPSY314 (18 sp) Intern klinisk-psykologisk opplæring (Går 8.-10. semester)

9. semester

PROPSY312A (14 sp) Psykologisk behandling II

PROPSY312B (5 sp) Psykologisk behandling III

PROPSY312C (5 sp) Vitskapsteoretiske perspektiv og etikk i klinisk praksis

PROPSY314 (18 sp) Intern klinisk-psykologisk opplæring (Går 8.-10. semester)

10. semester

PROPSY313 (9 sp) Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilder

PROPSY315 (15 sp) Samfunnspsykologi

PROPSY314 (18 sp) Intern klinisk-psykologisk opplæring (Går frå 8.-10. semester)

11. semester

PROPSY316 (30 sp) Ekstern fordjupingspraksis

12. semester 

PROPSY317 (30 sp) Hovudoppgåve psykologprogrammet

Krav til progresjon i studiet

Studiet er eit integrert studium med obligatorisk rekkefølgje av emne. Deltaking i eit kurs føreset at studenten har gjennomført alle kurs og greidd eksamenar som inngår i tidlegare semester. Fakultetet kan etter grunna søknad frå studenten dispensere frå dette. Eit krav for slik dispensasjon vil som regel vere at manglande kurs/eksamenar vert gjennomførte i neste semester. Avlagt grunnkurs er eit krav for å ta påbyggingskurs i eit fagområde, og det blir ikkje gitt dispensasjon for emne som inneheld praksisundervisning.

I studiet inngår bestemte kurs, øvingar og praksis som går fram av studieplanen. Studentane skal følgje studieprogresjonen for sitt kull og følgje kursa i den rekkefølgja som framgår av studieplanen.

I tråd med universitets- og høgskolelova si forskrift om skikkethet i høgare utdanning (med verknad frå 1. august 2006), skal løpande skikkavurdering av alle studentar gå føre seg gjennom heile studiet. Den skal inngå i ei heilskapleg vurdering av studenten sine faglege og personlege føresetnadar for å kunne fungere som helse- eller sosialpersonell.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På profesjonsstudiet i psykologi vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som høver best for studentane våre. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som vert integrert i utdanninga di. Du kan til dømes studere ved universitet i Italia, Frankrike, Spania og Sverige. Profesjonsstudentane kan ha eitt eller to semester ved eit universitet i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga kan omfatte: førelesingar, problembasert læring, seminar, skriftlege og munnlege presentasjonar, undervisning i bruk av verktøy, irekna IKT med spesialprogram, smågruppearbeid, rettleia praksis internt og ved eksterne institusjonar, osv.

Vurderingsformer

Skuleeksamen, heimeeksamen, rapport, praksis, hovudoppgåve og deltaking.

Karakterskala

A - F og Greidd / Ikkje greidd

Relevans for arbeidsliv

Studiet kvalifiserer for søknad om autorisasjon som psykolog etter bestått utdanning. Autorisasjonen blir gitt av Helsedirektoratet.

Dei vanlegaste arbeidsområda er helsevesenet, forsking og undervisning, skuleverket, organisasjonar, sosialsektoren og private verksemder.

Skikkavurdering og autorisasjon

Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning.

Programansvarleg

Det psykologiske fakultet har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for profesjonsstudiet i psykologi.

Kontaktinformasjon

Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet 

Yrkesvegar

Vanlege arbeidsområde er helsevesenet, forsking og undervisning, skolevesenet, organisasjonar, sosialsektoren og private verksemder.