Hjem

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjupning i matematikk

Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i matematikk er eit samlingsbasert deltidsstudium, der du studerer 50 prosent over 4 år.
  • Lengde2 År
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

I første del av studiet fordjupar du deg i matematikk, før du i andre del flyttar fokus til matematikklæring og -undervisning og avsluttar med ei masteroppgåve i matematikkdidaktikk.  

Gjennom masterstudiet skal du tileigne deg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik, som kan bidra til å utvikle din kompetanse for å undervise i matematikk. Studiet gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar knytte til masterfaget, og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver. Du utviklar ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. Studiet er praksisnært og masteroppgåva skal vere fagdidaktisk. 

Gjennom masterstudiet skal du tileigne deg teoretisk og erfaringsbasert kunnskap og dugleik, som kan bidra til å utvikle kompetanse for å undervise i matematikk.  

Det er stort behov for lærarar i skulen som har større fagleg fordjuping i dei faga dei underviser i.  

I studiet vert det òg lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling, slik at du kan bidra til å vidareutvikle matematikk som fag. Såleis er det eit mål å fremje kritisk refleksjon og samtalekulturar kring fag, undervisning og læring. Studiet skal dessutan gi ei grunnleggjande forståing av masterfaget og skulen i ein samfunnsmessig og kulturell samanheng. 

Les meir om vidareutdanning for lærarar. 

Meir informasjon under

Videreutdanning i matematikk for lærere

Produsent:
Nydal film

Jobb

Med ein erfaringsbasert mastergrad får du utvikla den matematiske, didaktiske og digitale kompetansen din, og blir ein betre matematikklærar. 

Med fullført og bestått studium er du kvalifisert for arbeid som lektor i skulen.  

Oppbygging

Studiet er eit deltidsstudium og går over fire år (åtte semester). Du finn detaljert timeplan og litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet bygd opp:  

1. Semester  

  • MAT641: Diskret matematikk (10 studiepoeng)  
  • MAT642: (Matematikkens historie - matematikken i oldtida (5 studiepoeng) 

2. Semester  

  • MAT643: Matematikkens historie - matematikken i nyare tid (5 studiepoeng) 
  • MAT644: Algebra (10 studiepoeng) 

3. Semester 

  • MAT647: Didaktisk modellering (15 studiepoeng)  

4. Semester 

  • METMAU660: Metodekurs i utdanningsforsking (15 studiepoeng)  

5. – 8. Semester  

Fullstendig liste over emnar i dette studieprogrammet.

Studiekvardagen

Studiet er samlingsbasert og kan følgast ved sidan av arbeid på skulen. Det er normalt tre eller fire samlingar per semester, og kvar samling går over tre dagar. Vi har studentar frå alle delar av Norge. Fagmiljøet held til på Realfagsbygget på Nygårdshøgda i Bergen sentrum. 

Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som fagets metodar. Du får høve til å utvikle ei meir sjølvstendig og kritisk haldning til kjeldematerialet og til vitskaplege framstillingar. Gjennom studiet får du både ei fagleg og didaktisk fordjuping.  

Du vil møte ulike undervisningsmetodar, t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, skriveoppgåver, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy. Undervisninga er på norsk og dansk, mens litteraturen er på norsk og engelsk.  

Vi oppmodar i tillegg til organisering av eigne kollokviegrupper og skrivegrupper. 

Studentane våre opplever at det er veldig inspirerande å lære av kvarandre, samstundes som dei er saman om å få fagleg påfyll. Ikkje minst er det kjekt å treffe kollegaer som underviser i det same. Studiet gir ei innføring i vitskapelege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og inneheld trening i sjølvstendig arbeid med faglege oppgåver.  

Masteroppgåve

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing. Du skriv masteroppgåva over dei fire siste semestera samtidig som du deltar på obligatorisk masterseminar. 

Masteroppgåva i matematikkdidaktikk er på 45 studiepoeng. Seminaret Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling er obligatorisk og strekkjer seg over fleire semester av studiet. Seminaret utgjer undervisningsdelen av arbeidet med masteroppgåva og skal munne ut i ei prosjektskisse til oppgåva. Prosjektskissa skal vere godkjent før sjølve arbeidet med masteroppgåva tek til. 

Seinast ved starten av femte semester vil du få ein rettleiar. Tema/problemstilling for masteroppgåva vel du i samråd med rettleiaren. I oppgåva kan du undersøke læring i eige klasserom i matematikkundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori. Det er mogleg at to til tre studentar skriv masteroppgåve saman.  

Du kan søke om å få plass på masterlesesal, dersom du ønsker å vere tettare på fagmiljøet.  

Kva lærer du?

Med ein erfaringsbasert mastergrad lærer du:  

  •  kritisk refleksjon over eigen undervisningspraksis og tilrettelegging for elevars læring 

  • å utvikle ei sjølvstendig og kritisk haldning til innhaldet i skulematematikken og til den rolla faget spelar i skulen og i samfunnet 

  • å undersøke læring i eige klasserom i matematikkundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori og presentere refleksjon over dette 

Sjå full liste med læringsutbyte.

Utveksling

Det er ikkje høve til å reise på utveksling på dette programmet.  

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her