Hjem
Senter for vitenskapsteori
Landbruk og miljø

Blir kunstig vatning det neste hinderet for vekst?

Ny forsking tyder på at noverande modellar sterkt undervurderar uvissa i å føresjå framtidige behov for kunstig vatning. Forskinga indikerar også at den løynde miljømessige påverknaden frå kunstig vatna landbruk kan ha blitt grovt feilkalkulert.

Water irrigation
NY FORSKING FRÅ UiB: -– Vi tonar ned den moglege miljømessige påverknaden frå kunstig vatna landbruk, seier Arnald Puy, som nyleg har publisert funna sine i Geophysical Research Letters saman med medforskarane Andrea Saltelli (Universitet of Bergen) and Samuele Lo Piano (University of Reading).
Foto/ill.:
Wikipedia

– Avgjerdstakarar og sluttbrukarar bør raskt anerkjenne denne uvissa for å unngå moglege konsekvensar for miljøet, seier Arnald Puy (Universitetet i Bergen og Princeton University),  som nyleg har publisert funna sine i Geophysical Research Letters saman med medforskarane Andrea Saltelli (Universitet i Bergen) og Samuele Lo Piano (University of Reading).

Kunstig låge forventingar om vatningsbehov

Modellar blir mykje brukte av avgjerdstakarar for å utforme strategiar som kan garantere miljøvelferd eller handtere klimaendringar. Dersom desse modellane er unøyaktige, så risikerar vi at politikk og lover også blir prega av denne metodefeilen.

Studien til Puy, Saltelli og Lo Piano tyder på at det forventa vatningsbehovet er kunstig lågt fordi ein har sett vekk frå uvisse.  

– Når ein utformar ein modell, så er det eit utal alternative måtar å gjere dette på. Ved å velje kun ein måte overser ein også dei andre alternativa. Det fører igjen til at ein ser vekk frå fullstendig sannsynlege framtidsbilete. Til dømes har tidlegare modellar for kunstig vatna område forventa at vi kjem til å vite heilt sikkert kor mykje dyrka mark vi har tilgjengeleg i 2050, kor mykje folketalet kjem til å auke, eller kor mykje vatn vi har i framtida. Sanninga er derimot at vi ikkje veit dette med stor nok visse. Tidlegare modellar er laga som om vi gjer det, forklarar Puy.  

Nye strategiar for å garantere vassikkerheit

Forskinga deira understrekar også at den moglege globale utvidinga av kunstig vatning kan bli to, eller i det mest ekstreme framtidsbiletet, fire gonger så stor som tidlegare modellar har indikert. Puy, Lo Piano og Saltelli seier at desse resultata peikar mot eit behov for å omdefinere strategiar for å garantere vassikkerheit eller minimere framtidige drivhusgassar frå landbruket.

– Studien vår viser at forventingar til storleiken av kunstig vatna område i 2050 stør seg på særs utrygg grunn. Funna inneber også at vassforbruket som kunstig vatning skapar kjem til å bli mykje større enn tidlegare forventa, og at det kan legge kraftig press på fordelinga av vatn over fleire sektorar, som landbruk, industri og lokalområde. Difor bør vi sette inn tiltak for å føresjå og handtere denne vassmangelen, som kan ende opp med å bli mykje verre enn først forventa.

Eit behov for betre tilpassa løysingar

Forfattarane av studien håpar at denne nye kunnskapen kan brukast til å utforme strategiar for vatn- og landbruksforvalting som er fleksible nok til å fungere både i den noverande situasjonen og i ein situasjon med eit utoleleg miljømessig press på vass- og landressursar.

– Forskinga vår viser eit tydeleg behov for betre tilpassa løysingar innanfor vass- og landforvalting, slik at ein betre kan handtere uvissa som formar den framtidige utviklinga av kunstig vatning i landbruk.