Hjem
Etter- og videreutdanning
Vidareutdanning for museumstilsette

Forsking og publisering i museum

Universitetet i Bergen har i samarbeid med Norges Museumsforbund utvikla to vidareutdanningskurs som skal gje museumstilsette kompetanse i å planlegge sjølvstendige forskingsprosjekt og øving i vitskapleg publisering.

Fugler i inngangspartiet, Universitetsmuseet i Bergen
Universitetet i Bergen tilbyr to vidareutdanningskurs for museumstilsette som skal gje kompetanse i å planlegge sjølvstendige forskingsprosjekt og øving i vitskapleg publisering. Her frå inngangspartiet, Universitetsmuseet i Bergen.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

Forsking er stadig sterkare trekt fram som ein vesentleg oppgåve for museumssektoren. Universitetet i Bergen har utvikla to vidareutdanningskurs retta mot tilsette i musea, der målet er å gje kompetanse i å planlegge sjølvstendige forskingsprosjekt og gi øving i vitskapleg publisering. Kursa er utarbeidd i samarbeid med Norges museumsforbund.  

Organisering og undervisning

Begge vidareutdanningskursa er samlingsbasert, med tre samlingar à 3 dagar i Bergen i løpet av eitt semester.  Samlingane omfattar forelesningar, seminardiskusjonar og grupperettleiing, samt individuell rettleiing på nett mellom samlingane. 

Det er obligatorisk å delta på alle tre samlingane. 

Opptakskrav

Begge kursa er på masternivå, og du må difor dokumentere at du har bachelorgrad eller tilsvarande når du søker opptak. 

MUSE 620 Å forske i og på museum  

Kurset MUSE 620 Å forske i og på museum er eit praktisk og teoretisk kurs som skal gi oppdatert kunnskap om relevant teori, metode og forskingsetikk samt trening i å konkretisere forskningstema. Med hjelp av rettleiar og medstudentar skal studentane skrive ei prosjektskisse som kan danne grunnlag for eit konkret forskningsprosjekt. Prosjektet kan til dømes vere basert på samlingane i eit bestemt museum, vere formulert innan ein museumsrelevant tematikk, eller dreie seg om musea si rolle i samfunnet.

Les heile emnebeskrivelsen

Kurset går kvart haustsemester, etter planen neste gong hausten 2022. Vi legg opp til tre samlingar ved UiB i løpet av haustsemesteret, kvar samling frå onsdag kl. 12.00 til fredag kl. 12.00. 

Vi har 20 studieplassar på dette kurset, og det er inga studieavgift. Du må imidlertid betale kr 590,- i semesteravgift til Studentsamskipnaden Sammen. Utgifter til pensumlitteratur og reise/opphald i samband med samlingar kjem óg i tillegg. 

MUSE 621 Vitskapleg publisering for museumstilsette

Kurset MUSE 621 Vitskapleg publisering for museumstilsette skal gjere studentane kjend med publisering av vitskaplege tekstar, særleg i fagfellevurderte tidsskrift. Det skal òg gje øving i å skrive ein vitskapleg artikkel basert på eit forskingsprosjekt.

Studentane skal skrive eit utkast til ein vitskapleg artikkel under rettleiing og diskutere eigne og medstudentane sine artikkelutkast, ut frå bestemte faglege vurderingsnormer og retningsliner. Artikkelen kan vere basert på eit sjølvstendig forskingsarbeid knytt til museumssektoren og/eller andre sjølvstendige forskingsarbeid og vere klar for innsending til eit tidsskrift. Denne vert vurdert til greidd/ikkje greidd.  

Les heile emnebeskrivelsen her

Kurset går kvart vårsemester, neste gang våren 2022.  Kurset vil ha tre samlingar ved UiB, frå onsdag kl. 12.00 til fredag kl. 12.00 i desse vekene: 

Veke 319. - 21. januar 2022
Veke 1116. - 18. mars 2022
Veke 2018. - 20. mai 2022
Veke 23Innlevering av oppgåve/artikkel

Vi opnar dette kurset for søknader i august 2021. 

Møt tidlegare studentar 

Sidan oppstarten i 2015 har museumstilsette ved både små og større museum i ulike delar av landet teke eitt eller begge kursa og fått kunnskap og innsikt i korleis forskning og publisering kan foregå. Fleire av dei peikar på at forsking og publisering kan bidra til å heve kvaliteten på musea og at kurs som dette kan vere med på å senke terskelen for å gå igang med forskingsprosjekt, også for mindre museum utan eigne forskingsstillingar.

– Gjennom forsking får vi fram ny kunnskap som ikkje berre kan publiserast gjennom vitskaplege artiklar, men også gjennom meir populærvitskaplege publikasjonar. På sikt bør forskingsresultat også danne utgangspunkt for det vi formidlar gjennom utstillingar i museet, seier Sondre B. Hvam. Han er konservator ved Jærmuseet og tok kurset MUSE621 våren 2016. 

Les heile intervjuet 

Fleire refleksjonar frå tidlegare studentar finn du her: