Hjem
Det humanistiske fakultet
spurveugleprisen 2011

Tid og trygge rammer er nøkkelen

Knut Ågotnes ved FoF fekk tildelt Spurveugleprisen for utdanningskvalitet fredag 17. juni.

Hovedinnhold

Det er første gong Spurveugleprisen blir delt ut, det er studiestyret som delar den ut og den skal gå til fagmiljø som kan dokumentere særleg vellukka tiltak for å betre utdanningskvaliteten.

- Dette var kjempegøy og veldig overraskande, seier førsteamanuensis Knut Ågotnes. Han fekk prisen på bakgrunn av ei kursrekkje innan antikkens filosofi der undervisninga går føre seg i Athen. Sidan 2008 har Ågotnes heldt eitt slikt emne på 15 studiepoeng kvar haust, emna rettar seg mot studentar på 200- og 300-nivå og varar i om lag seks veker.

- Filosofi er eit fag som tar for seg dei universelle spørsmåla. Men filosofiske spørsmål oppstår jo ikkje i eit universelt rom, men innanfor ein bestemt kontekst, eit samfunn, ein tidsperiode og ein stad. Dei er situerte, dei blir til utfrå særskilde føresetnader. Korleis kan filosofien arbeide med det universelle som mål når vi veit at vitskapen er forankra i ein gitt kontekst? spør Ågotnes.

Han meiner at desse kursa i Athen fungerar bra når ein skal ta opp slike problemstillingar. Når han tar med seg studentane rundt i byen og ser på alle dei stadene som er kjente frå filosofihistoria, er det lettare å visualisere for studentane dei fysiske, intellektuelle og religiøse aktivitetane som gjekk føre seg.

- Det er eit avgrensa rom både med omsyn til aktørar og fysisk storleik, og på ein forståeleg måte kan ein då vise studentane korleis til dømes Platon og Aristoteles prøvde å sprengje seg ut av dette rommet. Ein kan konkretisere dei grunnleggjande spørsmåla i filosofien, seier Knut Ågotnes.

Kursa i Athen har vore populære. Kvart år er det plass til 6-8 studentar, og dei brukar mykje tid saman med læraren.

- Eg har lært mykje av det faglege og sosiale samværet med studentane. Det gir ei trygg ramme for å skape ganske store utfordringar for studentane. Når læraren brukar meir tid på kvar enkelt student, viser det seg at ein får god effekt i den forstand at studenten lar seg involvere i ganske tøffe problemstillingar, seier filosofen. Han fortel vidare at dei brukar rollespel i undervisninga, der studentane må forsvare visse filosofiske standpunkt og angripe andre. Dette krev at studentane er trygge på kvarandre, på læraren og på sin eigen faglege plattform. Når dei vågar å ta desse utfordringane på alvor jobbar dei grundig med pensum og lærer svært mykje, ikkje berre om dei ulike perspektiva men også om nytta av å gå i djupna på eit perspektiv dei kanskje ikkje deler sjølve.

Generelt sett er Knut Ågotnes imponert over studentane han møter.

- Det er mitt inntrykk at dagens studentar er godt førebudde for læring når dei kjem ut frå den vidaregåande skulen. Om det kan mangle ein del på faktakunnskapar, så har dei gode føresetnader for å tileigne seg kunnskap og til å arbeide sjølvstendig. Men det krev at ein fangar interessa deira – då trør dei til, seier prisvinnaren.

 

Les meir om Spurveugleprisen

Les forslagsbrevet der Knut Ågotnes er nominert