Lærarutdanning ved HF
I samarbeid med Det psykologiske fakultet, tilbyr Det humanistiske fakultet (HF) lektor- og adjunktutdanning i framandspråk, nordisk, norsk som andrespråk, historie, religion, filosofi og musikk. Utdanninga rettar seg i hovudsak mot ungdomsskole og vidaregående skole. Vi tilbyr òg studium som kan vere aktuelle for deg som allereie er lærar, men som ønskjer vidareutdanning.
På desse nettsidene kan du finne utfyllande informasjon om dei ulike studieløpa og om organiseringa av lærarutdanninga ved HF.
Snarveg til Lærarutdanning ved UiB.
SIDENE ER UNDER ARBEID
-
Lyst til å bli lærar?
Informasjon til deg som ønskjer å bli lektor eller adjunkt i humanistiske fag.
-
Allereie lektorstudent?
Her kan du som er student på Integrert lektorutdanning med master i framandspråk eller Integrert lektorutdanning med master i nordisk finne nyttig informasjon om studiet.
-
Ønske om vidareutdanning?
Kanskje er du allereie lærar, men har eit ønske om å vidareutdanne deg. Det humanistiske fakultet (HF) har både ordinære årsstudium, fjernstudium og erfaringsbaserte masterprogram som kan vere aktuelle.
-
Organisering av lærarutdanninga
Lærerutdanninga ved UiB er eit samarbeid mellom fleire fakultet og institutt.