Hjem
Styre og ledelse

Eit synleg forskingsuniversitet

Føreord av rektor Sigmund Grønmo og universitetsdirektør Kari Tove Elvbakken.

Hovedinnhold

Universitetet i Bergen (UiB) er eit forskingsuniversitet på internasjonalt høgt nivå. Forsking, utdanning og formidling er hovudmålet for verksemda, og fagleg breidde, mangfald og høg kvalitet er fundamentet.

Den målretta satsinga på kvalitet gjev god internasjonal utteljing. UiB har frå 2005 til 2008 klatra nesten 100 plassar på den årlege universitetsrangeringa til Times Higher Education Supplement. UiB er no på lista over dei 100 beste universiteta i Europa. Den gode utviklinga syner òg igjen i statistikken for forskingspublisering: Den samla publiseringa ved UiB auka med over fire prosent frå 2007 til 2008.

I mars 2008 opna Senter for geobiologi som tek mål av seg å utvikle ny kunnskap om interaksjon mellom geosfæren og biosfæren, og opphavet til livet. Med dette fekk UiB sitt fjerde senter for framifrå forsking.

2008 var eit merkeår for forskarutdanninga. Totalt disputerte 233 kandidatar innanfor doktorgradsprogramma - det høgaste talet nokosinne. Ekstra bra er det at over halvparten av desse, 120, var kvinner - ein rekordhøg kvinnedel. Det er òg viktig å merke seg at UiB lukkast med å rekruttere yngre, utanlandske forskarar. Om lag 30 prosent av dei nye doktorane er utanlandske. Ein ny handlingsplan for forskarutdanninga blei òg vedteke og vil ytterlegare styrke UiBs satsing på forsking og utdanning.

Fjoråret vitnar om at arbeidet med å utvikle god forskings- og undervisningsbygg ber frukter. Det nye Studentsenteret blei opna med ei stor markering i mai, og mange års kamp for å få gjennomslag for eit nytt Odontologibygg blei løna med oppstartsmidlar i Statsbudsjettet. I 2008 blei planane om å rehabilitere den monumentale hovudbygningen ved Bergen Museum til eit flott kultur-, formidlings- og representasjonsbygg etablerte. Målet er at dette prosjektet skal vere ferdig til grunnlovsjubileet i 2014, og planane har allereie fått viktige midlar frå regjeringa.

UH Nett Vest, eit formelt nettverkssamarbeid mellom UiB og høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane, blei etablert i januar 2008. Lærestadane samarbeider om ulike forskings- og utdanningsprosjekt. Frå 2009 er òg Høgskulen i Volda med i nettverket.

Verksemda og resultata i 2008 gjev eit godt grunnlag for den vidare utviklinga av Universitetet i Bergen som internasjonalt synleg forskingsuniversitet.

Sigmund Grønmo, rektor

Kari Tove Elvbakken, universitetsdirektør