Gå til innhold
English A A A

Innpassing, godkjenning og fritak ved Det medisinsk-odontologiske fakultet


Lokale prosedyrar for innpassing og godkjenning av tidlegare utdanning i grad

Norsk utdanning

Har du eksamen i tilsvarande fag som inngår i ditt noverande studieprogram ifrå Universitetet i Bergen eller andre norske utdanningsinstitusjonar, kan du søke om å fritak frå enkeltemne.

Dersom den tidlegare utdanninga vert vurdert som fagleg tilstrekkjeleg til heilt eller delvis å erstatte fag på studieprogrammet ditt, får du fritak frå undervisning/eksamen og den tidlegare utdanninga vert innpassa i utdanningsplanen din. Legg merke til at innpassinga er programspesifikk. Skiftar du studieprogram må du difor søkje om ny innpassing sjølv om studieprogramma inneheld fleire av dei same emna.

Ved vurdering av fritak for eksamen/undervisning skal det normalt ikkje ha gått meir enn fem år sidan eksamen/undervisning i emnet vart gjennomført (gjeld ikkje for eksamen i Ex.phil eller Medisinsk nomenklaturlære). Dette for å sikre den faglege oppdateringa hjå studentane. 

Ver merksam på at dersom du har fått godkjent fritak frå enkeltemne, kan studiepoengproduksjonen din verta mindre enn Lånekassen reknar som fulltidsstudie per semester (30 sp). Dette er ei sak mellom deg og Lånekassen. For å oppretthalde ein normal studiepoengproduksjon kan du eventuelt ta opne emne ved andre fakultet på UiB. Hugs at semesterregistreringsfristen er 1. september for haustsemesteret og 1. februar for vårsemesteret.       

Fritak for første år på medisinstudiet ved Universitetet i Bergen kan bli gitt på grunnlag av fullført og bestått første år av medisinstudiet ved anten Universitetet i Tromsø, Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) eller Universitetet i Oslo. Det kan bli stilt krav til å ta tilleggsemne.

Fritak for eksamen i enkeltemne eller heile studieår gir ikkje automatisk grunnlag for overføring til høgare kull, men er avhengig av at det er ledige plassar på kullet.

 

Utanlandsk utdanning

Ønskjer du å få innpassa utdanning tatt i utlandet i graden din, må du kunne dokumentera heile utdanninga med karakterutskrift og/eller vitnemål som viser omfang, nivå og innhald av utdanninga. Studie- eller fagplanar må være stadfesta av den aktuelle institusjonen eller finnast som ei offisiell studiehandbok/universitetskatalog eller nettside.  

Eigne prosedyrar gjeld for innpassing/endeleg godkjenning av delstudium i utlandet.

Ex.phil

Har du tatt Ex.phil ved Universitetet i Bergen får du automatisk fritak og du treng ikkje å sende inn søknad om innpassing.

Har du derimot tatt Ex.phil ved ein anna norsk utdanningsinstitusjon og vil søke om fritak, må du levera karakterutskrift/vitnemål i original til Informasjonssenteret i Langes gate 1 (Glasshuset).

Fritak for Ex.phil kan også bli gitt på bakgrunn av fullført grad etter søknad til Det humanistiske fakultet.

 

Søknadsprosedyre

For å søkje om å få innpassa tidlegare norsk eller utanlandsk utdanning i graden din ved Det medisinsk-odontologiske fakultet: Fyll ut Skjema for søknad om innpassing i god tid før det vert avhalde eksamen i faget/faga du søkjer fritak frå. Ferdig utfylt søknadsskjema kan anten leverast i Informasjonssenteret eller sendast til:

Universitetet i Bergen
Det medisinsk-odontologiske fakultet                                                             Postboks 7804                                                                                                     5020 Bergen

Det går fram av søknadsskjemaet kva dokumentasjon som skal visast fram og/eller leggjast ved søknaden.

Det er naudsynt å følgje obligatorisk undervisning i faget/faga du søkjer fritak frå fram til svar på søknaden er kjent. Dersom søknaden ikkje vert tatt til følgje kan manglande undervisningsaktivitet medføre stryk og i verste fall nedflyttingssak.

Du vil få vedtaksbrev med svar på søknaden tilsendt i posten. 

Ressursar

Du vil finne vedtekter om innpassing, godkjenning og fritak i Universitetet i Bergen sitt Grads- og studiereglement kapittel 5, §43 ” Fritak og innpassinger; reduksjon i studiepoeng; uttelling i ny grad”. Sjå også Lov om universiteter og høgskoler kapittel 3, §3-5 ” Godskriving og faglig godkjenning”.

Spørsmål om innpassing, godkjenning og fritak kan rettast til fakultetet sitt Informasjonssenter i opningstida (måndag – fredag, kl 09.00-14.00).              Telefon i opningstida: 55 58 64 00                                                                         E-post: info@mofa.uib.no

 

Sist endret: 11.4.2012