Hjem
Det medisinske fakultet

Framtida nærmar seg

Arbeidet med Framtidas fakultet går framover. Vi slo av ein prat med dekan Nina Langeland for å få siste nytt.

Hovedinnhold

-Korleis går arbeidet med Framtidas fakultet, syns du?

-Eg synest det går fint, med mykje engasjement frå svært mange tilsette. Streiken gjorde siste del av prosessen utfordrande, og vi har blitt nøydde til å korte inn i innspurten. Men eg har prioritert høgt å høyre institutta og dei tilsette, om enn i en komprimert form.

 

-Så dei tilsette ved MOF har engasjert seg den siste tida?

 

-Absolutt, og det gleder meg! Eg vil gjerne gjere det som er best for forskings- og undervisingsmiljøa våre, totalt sett. Alle kan ikkje få alle ønsker oppfylt, men eg håpar alle finn noko som er positivt og forbetra, trass i kompromiss.

 

-Kan du fortelle korleis ein har tenkt omkring instituttstrukturen?

 

-Vi har heile tida hatt fokus på ei organisering som legg til rette for betre undervising og betre forsking. Dette er bakgrunnen for at vi tenker at fagleg og undervisingsmessig nærleik bør vere eit grunnprinsipp, og dette er bakgrunnen for at fag som nevrologi og nevrokirurgi er foreslått i same institutt, kardiologi og hjertekirurgi, nefrologi og urologi og så vidare. Ein annan viktig tanke har vore at alle institutt skal ha forskingsgrupper av internasjonalt format, og her har vi sett på NFR-evalueringa og også på kven som har kome til finalen i SFF-prosessen. Vidare har vi fått mange og sterke tilbakemeldingar på at forskarane ved dei kliniske institutta ikkje ønsker reine laboratorieinstitutt - men reelt translasjonelle institutt, med laboratoriefag og kliniske fag i same institutt. Samstundes må vi tenke fysiske forutsetningar for nærleik innad i institutta der dette er mulig. Det vil seie at dersom det elles ligg til rette for det, så bør personar og grupper som er samlokalisert høyre til same institutt. Dette er bakgrunnen for forslaget om at miljøa i labbygget blir i same institutt, og dette er også grunngjevinga for at miljøa i nytt odontologibygg ikkje foreslås splitta opp.

 

-Og kva vil skje framover no?

 

-No skal saka opp i fakultetsstyret førstkommande fredag, 22. juni. Så skal den vidare til universitetsstyret over sommaren. Men allereie før universitetsstyrevedtaket vil vi måtte ta konsekvensen av det første vedtaket, og sjå på administrative og tekniske støttefunksjonar, samt oppgåvefordelinga mellom institutt og fakultetsnivå. Å unngå dobbeltarbeid er eitt av måla med den nye strukturen! Eg har store forventningar til arbeidet i arbeidsgruppe 2.