Hjem

Reservoar og geoenergi, master, 2 år

Masterprogrammet i reservoar and geoenergi fokuserer på teoretiske, eksperimentelle og numeriske studiar av væskestraumprosessar som er avgjerande for forståing av undergrunnen i samanheng med energitryggleik, energilagring og CO2-lagring. Gjennom dette studiet får du ein brei verktøyskasse som kvalifiserer deg til mange ulike stillinger innanfor energiindustrien.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkEngelsk, Norsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Det er klar konsensus i det vitskaplege miljøet om at klimagassutslepp frå menneskeleg industriell aktivitet påverkar planeten vår negativt. Verda står overfor eit dilemma om å redusera utslepp og samtidig finna løysingar for den aukande globale energietterspurnaden. For å løysa dette dilemmaet må vi utvikla og implementera meir effektive metodar for å møta den aukande energietterspurnaden samtidig som vi reduserer verknadene av klimaendringar.

I masterprogrammet reservoar og geoenergi studerer vi spørsmål som:

  • Kva er dei mest effektive metodane for å lagra CO2 i undergrunnen?
  • Kan underjordiske reservoar brukast til å lagra energi, som til dømes H2
  • Korleis kan me balansera energiproduksjon og CO2-lagring for å redusera utslepp og gi energitryggleik?

Du kan lese om forskergruppen her: Reservoarfysikk – Energiteknologi og CO2 lagring (CCUS)

Kva kan du bli?

Våre kandidatar arbeider hovudsakleg som industriteknikarar og ingeniørar.   

Men kandidatane arbeider også i:   

  • Statlege stillingar  
  • Utdanning   

Dersom du er interessert i ein karriere innan forsking, kan du søke om opptak i doktorgradsprogrammet.  

Meir informasjon under

​​​​​​Oppbygging

Programmet omfattar to studieår (fire semester) og startar om hausten.  

Anbefalt studieplan 

  1. semester: valfritt emne - valfritt emne - valfritt emne 
  2. semester: ENERGI364 - ENERGI365 - valfritt emne 
  3. semester: PTEK399
  4. semester: PTEK399

Tilrådde valemne: ENERGI261 (haust), ENERGI366 (uregelmessig), ENERGI300 (haust), MAT254 (haust), ENERGI351 (vår), ENERGI360 (vår)

1. året  

Du følger kurs på 60 SP, nokre obligatoriske og nokre som du vel sjølv. Emne, timeplanar og studieplanar kjem an på kva spesialisering du vel.    

2. året  

Du skriv masteroppgåva, som òg utgjer 60 SP. Med utgangspunkt i interesseområda dine finn du og fagleg rettleiar eit passande team for masteroppgåva.   

Studiekvardag

Som masterstudent skal du møte på 2–3 førelesingar per veke, i tillegg til:  

  • laboratorieøvingar  
  • seminargrupper  
  • ekskursjonar  
  • førelesingar  

Vi forventar at du både arbeider sjølvstendig og kan samarbeide i gruppe.  

Vi skaper eit miljø der studentane er ein naturleg del av forskingsgruppa, og arbeidsmiljøet er uformelt. Mange forskjellige nasjonalitetar arbeider saman. Vi har også eit nært forhold til internasjonale universitet og energibransjen, med regelmessige møter.

Du samarbeider tett med ein fagleg rettleiar som har kompetanse på temaet du vel til masteroppgåva di. I samråd med rettleiaren vel du eit tema og set opp ein framdriftsplan som inneheld viktige milepælar i prosjektet ditt.  Du kan fokusere masteroppgåva di på tema som spenner frå grunnleggjande væskestraum i porøse media til tema som er meir relevante for industrien i dag. Vi forventar at du kan arbeide sjølvstendig og nytte formålstenlege metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar i forskinga på relevant materiale.   

Du kan også søke om å få plass ved ein lesesal på instituttet.

Kva lærer du?

Ein kandidat med ein mastergrad i Reservoar og Geoenergi vil ha djup, forskingsbasert kunnskap og omfattande forståing av fleirfase væskestraum i porøse media. Kandidatar vil ha kunnskap som kvalifiserer for vidare arbeid i industrien og/eller djupare forskingsspesialisering. Du vil oppnå:

  • Solid, vitskapleg basert kunnskap om ulike energiressursar, deira bruk og utviklingsstrategiar.
  • Grunnleggjande kunnskap om geologi og djup kunnskap om væskestraum i porøse media og prosessar knytt til energiutnytting, CO2- og H2-lagring.
  • Forståing av den globale energiblandinga og kjennskap til korleis Carbon Capture, Utilization and Storage (CCUS) kan nyttast til å redusere CO2-utslepp.
  • Kunnskap om eksperimentelle apparat, instrument og målingar.
  • Kunnskap om numerisk simulering av straum i undergrunnen.
  • Kunnskap om ulike disiplinar innanfor reservoir og geoenergi.

Opptakskrav

Masterprogrammet i reservoar og geoenergi byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innhaldet i graden.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
  • Bachelorgrad i fysikk eller matematikk (emnene ENERGI261 og GEOV261 må være inkludert)
  • Bachelorgrad frå MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene treng ikkje vere del av graden)

Beregning av karaktersnitt 

For tidligare studentar med en bachelor i petroleum- og prosessteknologi frå UiB og studentar som har ekstern bachelorgrad, blir 80 studiepoeng frå relevante emner brukt til beregning av karaktersnitt.  

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor emner tilsvarende ENERGI261 og GEOV261 er inkludert.
  • Norske bachelorgrader i energi kor emner tilsvarende ENERGI261 og GEOV261 er inkludert.
  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80 studiepoeng i petroleumsteknologi eller andre relevante fagfelt. Bachelorgraden må omfatte emne i matematikk, fysikk og kjemi og dessutan geologi og reservoarteknologi. 

Du må også ha:

  • ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
  • Språkkrav for tospråklege program

Korleis søke

 Meir informasjon om generelle opptakskrav og søknadsprosedyrar finn du i følgande lenker: 

Du må også oppfylle dei spesifikke opptakskrava for studieprogrammet. 

Programmet har hovudopptak på hausten og suppleringsopptak på våren (søknadsfrist 1. november), dersom ikkje alle plassar blir fylte på hausten. Våropptaket gjeld ikkje for søkjarar utanfrå EU/EØS/EFTA.