Energiressursar og -forbruk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeENERGI300
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Emnet inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten ei oversikt over ulike energiressursar, med hovudvekt på fornybare ressursar. Emnet skal også gje ei oversikt over nasjonalt og internasjonalt energiforbruk og energiproduksjon, og projeksjonar framover i tid. Studenten skal beherske sentrale omgrep som livssyklusanalyse, berekraft og energikostnadar.
Innhald:
Emnet gir ei oversikt over fornybare energiressursar som solenergi, vindenergi, vasskraft, energi frå tidevatn og bølgjer, bioenergi og geotermisk energi. I tillegg tek ein kort for seg kjernekraft og fossile energikjelder saman med CO2-fangst og lagring. Prinsippa for utnytting av dei ulike ressursane vert diskutert. Dagens energiproduksjon og bruk, både nasjonalt og globalt vil bli gjennomgått, saman med projeksjonar framover i tid. Omgrep som livssyklusanalyse, berekraft og energikostnadar vil bli introdusert og diskutert.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan gjere greie for ulike energiressursar og deira relative rolle i den nasjonale og globale energiforsyninga
- kan gjere greie for korleis energi vert brukt og tilhøyrande krav til energiforsyninga
- kan vurdere mogleg framtidig bruk av ulike energikjelder
Ferdigheiter
Studenten
- kan gjere overslag på tilgjengeleg energi frå ulike ressursar
- kan gjere overslag på energikostnad
Generell kompetanse
Studenten
- kan gjere greie for grunnleggjande utfordringar knytt til utviklinga av global energibruk
- kan gjere greie for omgrep som berekraft og livsyklusvurderingar i samband med energiomforming og - bruk
Krav til forkunnskapar
MAT111 Grunnkurs i matematikk 1 eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
KJEM110 Kjemi og energi.
Studiepoengsreduksjon
ENERGI101: 10 studiepoeng
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer
4 forelesingar, 1 øvingstime per veke. Øvingane inkluderer rekneoppgåver knytt til forelesingane og diskusjon av aktuelle tema.
Det vil bli arrangert ekskursjonar til energibedrifter og- anlegg.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
2/3 av øvingane må vere levert og godkjent for å ta eksamen.
Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav vert godkjent + tre etterfølgjande semester.
Vurderingsformer
Skriftleg digital eksamen, 4 timar.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator er tillatt, i samsvar med modellar som vert angitt i fakultetet si regelsamling.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
I utgangspunktet vil referansegrupper bli brukt årlig.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Kontakt
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 20.02.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 06.02.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), SOL 2. etg.