Hjem

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Markeringar

Ny markeringslunsj ved AHKR

Foto av kake
Foto:
Julie Alver Tønsaker for UiB

Ein av torsdagslunsjane kvart semester er sett av til markeringar av runde dagar, jubileum, publiseringsresultat og velkomst av nytilsette.

Denne hausten vart to unge jubilantar markert og ein nytilsett presentert.

Eirik Kvam Goksøyr runda 30 år i vår, og fekk gratulasjonar av instituttet. Han har vore tilsett i tre år som studiekonsulent for arkeologi og kulturvitskap.

Magnus Vollset vart gratulert med 40 år. Han har vore ved instituttet lenge, som student, stipendiat og som vitskapleg tilsett. For tida har han delt stilling som førsteamanuensis i vitskapshistorie her ved AHKR, og i medisinhistorie ved Det medisinske fakultet.

Anna Polster vart ynskt velkommen til instituttet. Ho er tilsett i vikariatet som forskarutdanningskonsulent.