Studentrepresentasjon og fagutvalg
Studentorganisasjonar og fagutval gjer ein viktig jobb for at du skal trivast som student, både fagleg og sosialt. Her finn du informasjon om studentorganisasjonar og fagutval ved AHKR.
Hovedinnhold
I alle organ ved Universitetet i Bergen som har vedtaksmyndigheit har studentane krav på 20 prosent representasjon. Slik kan dei vere med på å bestemme korleis universitetet skal vere.
Studentar i råd og utval
Ved AHKR er studentane i hovudsak representerte i tre demokratiske utval ved instituttet: Fagmøte på fagnivå, som skal ha to studentrepresentantar som normalt vert valde av fagutvalet; Utval for undervising og internasjonalisering (UUI) og Instituttrådet på instituttnivå. Instituttutvalet vel studentrepresentantar til UUI og Instituttrådet.
Om ein ynskjer å sitje som studentrepresentant er det ikkje naudsynt å ha vore med i utval eller råd tidlegare. Det er derimot viktig å lese dei sakspapira som vert sende ut, og å setje seg inn i kva dei ulike utvala og råda har ansvar for. Du finn relevant informasjon om utvala her.
Instituttet har ein kontaktperson som har ansvar for rådgjeving og koordinering av fagutvala, og som kan hjelpe studentane med spørsmål om drift og økonomi.
Instituttet arrangerer normalt ein fagutvalslunsj i byrjinga av kvart semester (februar om våren og september om hausten) der alle studentar som er med i, eller interessert i å vere med i, fagutval vert inviterte. Dette er ei anledning til å leggje fram aktuelle saker og arrangement for det kommande semesteret. Her svarar òg representantar frå instituttet på eventuelle spørsmål ein måtte ha om det å vere studentrepresentant og å drive fagutval ved AHKR. Ta kontakt med Kjersti Ure Engevik ved spørsmål om fagutvalslunsjen.
Fagutval
Fagutvala er faglege og fagleg-sosiale utval. Her kan alle studentar vere med, det er ingen avgrensing for kor mange som kan sitje i fagutvalet. Fagutvalet er basert på frivillig innsats, og gir nyttig erfaring. Det er til ei kvar tid medlemmane i fagutvala som i stor grad er med på å forme korleis fagutvalet fungerer og kva ein jobbar mest med. Er du interessert i å påverke fagmiljøet anten fagleg eller sosialt, er fagutvalet ein god stad å byrje!
Fagutvalet
- tar vare på interessene til studentane ved faget
- tar opp eventuelle saker tilknytta eksamen, pensum, undervising og liknande direkte med studiekonsulenten ved faget og/eller fagkoordinator, eller i Instituttutvalet ved AHKR
- er bindeleddet mellom studentane ved faget og Instituttutvalet ved AHKR, administrasjonen og fagmøta
- fremjar fagleg-sosiale aktivitetar ved faget ved for eksempel å arrangere:
- allmøte for studentane ved faget for å velje fagutvalet sine representantar og verv
- møter for fagutvalet for å planlegge semesteret og arrangementer
- faglege arrangement, t.d. faglunsj
- sosiale samankomstar, quiz etc
Instituttutval
Instituttutvalet (IU)
- Vel studentrepresentantar til UUI og Instituttrådet
- er det øvste studentutvalet på instituttnivå ved AHKR
- opererer i stor grad som eit fagutval på instituttnivå
- er ei samla stemme for alle studentane ved AHKR til administrasjon og ledelse
- arbeider for økt samarbeid mellom faga ved instituttet
- fungerer rådgjevande for fagutvala
- handterer eller vidareformidlar saker som er for store for fagutvalet, eller som tilhøyrer instituttnivå
- held sosiale arrangement for alle fag ved instituttet
Fagmøte
Fagmøta ved instituttet er knytt til dei ulike fagmiljøa. Her sit dei fagleg tilsette, studierettleiar og representantar for studentane. Fagmøta for kvart fag har ansvar for studieprogrammet si oppbygging, pensum, eksamen, undervising og andre saker på fagnivå.
UUI
I UUI sit undervisningskoordinator og fagkoordinatorane ved AHKR. Studentane har krav på to representantar med røysterett i UUI. AHKR ønskjer samstundes at alle fire fag er representerte med student på møtet, og har difor ei ordning med fire studentrepresentantar – ein frå kvart fag – som kvar har ei halv stemme. Kvar representant skal ha ein vara. Instituttutvalet vel studentrepresentantar til UUI.
UUI har eit overordna blikk på studie- og emneplanar, bruken av tilgjengelege undervisingsressursar på instituttet, og arbeider for å oppfylla dei langsiktige og strategiske måla for undervising og internasjonalisering på AHKR.
Instituttråd
Instituttrådet består av representantar for dei fagleg tilsette, for administrativt eller teknisk tilsette, og for studentane. Studentane har to representantar i instituttrådet, som vert valde av Instituttutvalet. Kvar av desse skal ha to vararepresentantar. Sakane som vert tekne opp i instituttrådet vedkjem ulike sider ved drifta av instituttet, både faglege og meir administrative sider. Døme på dette er forskingsmeldingar, forskingsutdanningsmeldingar, utdanningsmeldingar, budsjett og rekneskap.
Vitebok for fagutvala
Det er utarbeidd ei vitebok for alle fagutvala ved AHKR, som beskriv viktige rutinar og informasjon kring drift, økonomi, bestilling, kontaktpersonar ved instituttet m.m. Viteboka er eit verktøy for fagutvala, båe i overgangane mellom medlemmar og for å auke grunnforståinga av ulike prosessar innad i fagutvala.