Måling og overvaking av utslepp: Habitable Air-prosjektet.
Habitable Air-prosjektet har set i gang ei ny utprøving av ulike metodar for å identifisera, overvaka og måle utslepp på lokalnivå. Utprøvinga som vert leia av Dr. Kerry Chance vil nytta luftkvalitetsmålarar i hushaldningar og institusjonar.
Hovedinnhold
Luftkvalitetsmålarane skal samla data innandørs og utandørs for å skapa ein kvantitativ kunnskapsbase og nye høve for dei større måla i prosjektet. Desse måla er til dømes rettleiande retningslinjer, ei bok med redaktør, ein dokumentarfilm og offentleg debatt. Laget bak Habitable Air-prosjektet arbeider ogso saman med forskarar frå fagfelt innan klima, helse og miljø. Denne utprøvinga var mogleg grunna stønad frå forskingsgruppa for miljøhumaniora på Det humanistiske fakultet.
Hovudmål
Habitable Air-prosjektet rettar fokus mot forholdet mellom tre problemstillingar: aukinga av ulikskap i byrom, større politiske skiljelinjer i demokratiske statar og dei stadig større fylgjene i verda av forureining og global oppvarming. Prosjektet fokuserer på å undersøkja korleis bysamfunn som er plasserte nære større knutepunkt for energiutvinning (olje, gass, fornybar teknologi osv.) lever med og handterer dei ulike fylgjene av luftforureining. Samstundes forsøkjer prosjektet å analysera korleis konflikt rundt industriell og kjemisk forureining tek nye former når forholdet mellom klimavitskap og byforvalting vert tettare. Til slutt forsøkjer prosjektet å skapa kunnskap som er mogleg å handla utifrå og som kan skapa meir berekraftige byrom med mindre ulikskap.
Tilnærming og resultat
Habitable Air-prosjektet nyttar ei komparativ og lagbasert tilnærming med samfunnsvitarar med djupgåande kunnskap om dei utvalde regionane. Prosjektmedlemene nyttar kvalitative forskingsmetodar som deltakande observasjon, arkivanalyse og kvantitativ data om luftforureining. Gjennom ei tverrfagleg og samfunnsretta tilnærming forsøkjer prosjeket å bidra til berekraftsmåla til FN, særleg dei måla som rettar seg mot byrom (mål 11) og klimatiltak (mål 13).
Habitable Air-prosjektet utgjer eit stort steg mot å byggja ein kunnskapsbase som kombinerer kunnskap frå samfunnsvitskap, naturvitskap og innbyggjarar for å leggja til rette for meir rettferdige og berekraftige byrom. Utprøvinga vil resultera i ein offentleg workshop ved UiB for å skapa ein plass for tverrfaglege diskusjonar og innbyggjarfokuserte berekraftstiltak. Dette vil ogso gjerast i samarbeid med prosjektpartnarar frå MIT og UC-Berkeley.