Hjem
Universitetshagene

Sniglagjerde i Nytteveksthagen

For å kunne isolere Kjøkkenhagen frå glupske brunsniglar, har me laga eit sniglagjerde av finmaska nett som snigelen har vanskar med å forsere.

Nytt sniglagjerde i Nytteveksthagen er laga av finmaska nett bretta over ein...
Nytt sniglagjerde i Nytteveksthagen er laga av finmaska nett bretta over ein toppstreng. Gartnarane Monica Strømme og Stefan Reinmann skjer vekk potetris. Graskarutstillinga i framkanten.
Foto/ill.:
Alf Helge Søyland

Hovedinnhold

Mykje av grønsakene i Kjøkkenhagen er attraktive for brunsnigelen, så derfor har me lagt ned mykje ressursar i å halde denne fri for sniglar.

Me nyttar oss av både direkte plukking, fangst i øl-fellar og bruk av Ferramol og nematodar. 

Rundt Nytteveksthagen har me eit gjerde av finmaska nett som er bøygd utover og ned att på utsida. Dette er ein ide frå jordbærdyrkar Henrik Tellevik på Askøy og ser ut til å fungere enkelt og greit over lang tid. Vi har registrert krypespor som viser at snigelen har prøvd å krype opp på gjerdet, men ikkje klart å komme over. Det er montert ein svart plastduk på utsida slik at ugras ikkje skal lage krypebru for snigelen.