Hjem
Universitetshagene

Fjellhagen

I Fjellhagen vokser fjellplanter fra ulike deler av verden. Hagen er bygd opp for å demonstrere ulik berggrunn og ulike vekstformer.

Primula vialii i Fjellhagen

Hovedinnhold

Fjellhagen ligg i vakkert terreng med naturlege fjellformasjonar. Frå mars/april vil en sjå dei aller fyrste fjellplantene som kjem i blom, vidare framover våren blir det ei intens og vakker bløming i området. Dei mange stiane i Fjellhagen gjer dei fleste plantefelta tilgjengelege.

Ulike habitat

Plantene i Fjellhagen veks mellom steinar og i bergsprekker - mange trivst best på mineraljord med sand og grus, andre på jord med større humusinnhald. Vi har laga til mange ulike vekstmiljø, gjerne basert på bergartar som kalk, tuff, olivin og serpentin, dette for å kunne dyrke planter med ulike økologiske krav og vise korleis plantene er tilpassa spesielle jordsmonn.

Fossen er et stemningsskapande element i hagen. Fossen renn ut i dammen der vi syner ulike vassplanter. Kring dammen veks det sumpplanter som trivst spesielt godt i dette fuktige miljøet.

Nedanfor dammen, langs "hovudvegen" inn i Fjellhagen vil du finna dei kultiverte hageplantene. Desse plantene er gjennom foredling og krysningar betre tilpassa miljøet i hagen enn dei ville artane. Dette området skil seg på den måten frå resten av hagen, der det i hovudsak veks artar slik dei finst i naturen. 

Geografisk inndeling

Hagen er ordna geografisk etter verdsdelen der plantene kjem frå. Fjellplanter finst i alle verdsdelar, og mange er tilpassa ekstreme miljøtilhøve. I alpine områder er det korte somrar, plantene der blir utsette for store variasjonar i temperatur, mykje sol og vind og det er få pollinerande insekt. Fjellplantene er vanlegvis små og ofte puteforma med blomar i klare fargar. Om vinteren blir plantene vanlegvis verna mot ekstreme temperatur- og verforhold av eit solid snødekke. Vi dyrkar fjellplanter frå heile verda, til og med Afrika og New Zealand er representerte i Fjellhagen.

Stort artsmangfald

Samlinga i Fjellhagen består av eit stort mangfald med over 800 artar. I Fjellhagen er det henta inn planter frå heile verda, men vi kjenner eit særleg ansvar for den interessante norske fjellfloraen. Mange av artane i det norske/nordiske området av hagen er samla inn frå låglandet og frå kystfjella våre. Vi ynskjer å sikre materiale av desse populasjonane, og den vakre bergfrua, Saxifraga cotyledon, som vart planta under innviinga av Fjellhagen i 2001, er eit godt døme på dette.