Hjem
Universitetshagene
Hagane

Muséhagen

Muséhagen er ein av dei tre Universitetshagane til Universitetet i Bergen. Her finn du mange ulike blomar, staudar, buskar og tre i ein nydeleg grøn botanisk hage midt i Bergen.

Rhododendron blomar i Muséhagen
Foto/ill.:
Torsten Eriksson, UiB

Hovedinnhold

Hagen er ei botanisk perle – trass i at han ikkje er særleg stor. Det er nok plass til kjøkkenhage med matplantar og krydder, mange blomebed, fjellhage og steinhage med vakre blomar, eit systematisk arboret med over hundre tre, vasshage med tre dammar, eit tropisk veksthus (akkurat no stengt for oppussing, diverre) og eit lite viktoriahus.

Muséhagen er ein freda botanisk hage med vitskap, forsking og formidling som fokusområde. Utvalet av planter er stort og variert med omtrent 3000 ulike sortar. Hagen er eit resultat av 120 års utvikling, med stadig utprøving av nye artar og sortar. Mange er henta inn som frø frå vilt veksande artar i Noreg og andre delar av verda, men det finst også kulturformer av økonomisk viktige artar og særleg vakre sortar.

Hagen er utvikla sidan han vart grunnlagd i slutten av 1800-talet som ei utandørs fortsetjing av dei naturhistoriske samlingane inne i museet. Frå byrjinga bestod hagen av avrunda bed, plenar og mjukt svinga gangstiar. Men store delar av hagen har seinare vorte endra etter ein meir rettlinja og strikt plan. Gamlehagen i nord er derimot ikkje endra i forma. Muséhagen er ei levande plantesamling ved Universitetsmuseet i Bergen, og faktisk står fleire planter att sidan hagen vart innvigd.