Home
Student Pages
erasmus+uk

The University of Edinburgh and Department of Foreign Languages (ERASMUS+UK)

  • CountryUnited Kingdom
  • TownEdinburgh
  • Number of exchange places8
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+uk
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universitetet blei grunnlagt i 1582 og har i dag om lag 32 500 studentar. Det er kjent for å ha vore eit intellektuelt sentrum under opplysningstida. Blant dei mange kjende alumnane kan ein finne blant andre Charles Darwin, David Hume og Alexander Graham Bell. Universitetet er delt inn i 13 avdelingar og skular, deriblant ein handelsskule. Studentane ved universitetet lagar ei studentavis som kjem ut kvar veke. Denne blei grunnlagd i 1887 og er den eldste i sitt slag i Storbritannia.

Skottlands hovudstad Edinburgh husar om lag ein halv million menneske, og har blitt skildra av den skotske poeten Hugh MacDiarmid som «ein gal guds draum». Byen har eit rikt kulturliv og er arrangør blant anna for ein stor internasjonal festival, ein militærtattoo-festival og verdas største største kunstfestival, «The Fringe».

Accommodation

University of Edinburgh har eit avgrensa tal studentbustader til disposisjon for internasjonale studentar. Dei fleste bustadene har kjøkken, men ein kan òg velje å få faste måltid i kantina. Alle studentbustadane er innan gongavstand frå universitetet. Det er best sjansar for å få tildelt bustad der som du skal studere ved universitetet i eit heilt år. Ein kan òg søke om bustad på den private marknaden.

Semester duration

September - desember og januar - mai.

Grøn campus
Photo:
© University of Edinburgh

Information