Home
Student Pages
erasmus+

University of Malaga and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)

  • CountrySpain
  • TownMálaga
  • Number of exchange places6
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Málaga er eit relativt ungt offentleg breiddeuniversitet med i alt 24 fakultet og rundt 40 000 studentar. Universitetet blir omtala som eitt av hjørna i byen sitt «produktive triangel», der dei andre to er flyplassen og Andalucías forskings- og teknologipark (PTA). Universitetet har to campusar. Teatinos ligg litt i utkanten og er den desidert største. El Ejido rommar dei eldre universitetsbygningane og ligg midt i sentrum.

Malaga har om lag 600 000 innbyggarar og ligg på Costa del Sol, i den autonome regionen Andalucía, sør i Spania. Byen vart grunnlagd av fønikarar frå Tyre rundt år 800 fvt. og namnet Malaga kjem truleg frå det fønikiske ordet for «salt», sidan ein tidlegare brukte å salte fisk nær hamna. Viktige næringar i dag er turisme, teknologiutvikling og jordbruk.

Accommodation

Internasjonale studentar kan søke om hjelp med å finne bustad frå universitetet sitt bustadkontor på lik linje med spanske studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semester duration

September - februar og februar - juli.

Grøn campus
Photo:
© Universidad de Málaga

Information