Mitchell Hamline School of Law and Faculty of Law (BILATERAL - 5. studieår)
- CountryUSA
- TownSt. Paul
- Number of exchange places8
- Study levelMaster
- Exchange programmeBilateral
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Tidlegare Hamline University School of Law som fakultetet har samarbeidd med i nærare 20 år, vart i 2015 slått saman med William Mitchell College of Law i same by, St. Paul. Saman dannar dei no den nye Mitchell Hamline School of Law som har tilhald på campusen til tidlegare William Mitchell College of Law som ligg meir sentralt i St. Paul.
Hamline University er eit privat universitet, og er Minnesotas eldste universitet med ei historie som strekk seg tilbake til 1854. Universitetet ligg midt mellom byane St. Paul og Minneapolis, ofte kalla for «the Twin Cities». Universitetet har om lag 4500 studentar fordelt på fire fakultet (schools), og har ein hyggeleg campus med både treningssenter, kafear og mykje grøntareal. Det er mange studentorganisasjonar og studentidrettsklubbar ein kan engasjere seg i.
The Twin Cities har om lag 3.8 millionar innbyggjarar. Byane er kjend for eit rikt kulturliv, både innan musikk og sport. Det er kort veg til storslått natur som opnar for mange aktivitetsalternativ, og the Twin Cities ligg sentralt til for å kunne reise og oppleve andre byar i USA.
Accommodation
Universitetet tilbyr ikkje studentbustadar på campus. Informasjon om bustad finn du her.
Semester duration
Frå midt i august til midt i desember, og frå midt i januar til midt i mai. Det er óg mogleg med oppstart i vårsemesteret på LLM-programmet.
Learn about Mitchell Hamline from Mitchell Hamline students
Information
- Homepagehttp://mitchellhamline.edu/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7092
- Subject nameLaw