Home
Student Pages
erasmus+

Stockholm University and Department of Comparative Politics (ERASMUS+ - Nordplusnettverk i Statsvitenskap)

  • CountrySweden
  • TownStockholm
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Stockholms universitet blei grunnlagt i 1878 og har i dag rundt 70 000 studentar. Universitetet har fire fakultet og studieløp innan naturvitskap, humaniora, samfunnsvitskap og rettsvitskap. Hovudcampusen heiter Frescati, og ligg midt i ein stor nasjonal bypark nord for Stockholm. Området er lett tilgjengeleg med metro. I tillegg finst ei rekke små campusar og enkeltbygningar andre stader i byen.

Stockholm er Sveriges hovudstad og Nordens mest folkerike by, med i underkant av ein million innbyggarar. Byen er kjend for å vere blant verdas beste studentbyar, med høg levestandard og nærleik både til storbyliv og vakker natur. Byen har kystlinje mot Austersjøen, og har 14 øyar innan bygrensene. Stockholms skjergard er langt større og rommar meir enn 30 000 øyar.

Accommodation

Universitetet har eit bustadkontor hjelper internasjonale studentar med å finne bustad. Ein kan søke via Stiftelsen Stockholms Studentbostäder (SSSB) som eig og driftar dei fleste studentheimane i Stockholm. Om ein ønsker å finne bustad privat er det nødvendig å vere tidleg ute.

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Information