
Å studere fransk gir meir enn berre språket; det er ein inngang til ein kultur og ein historie som har påverka styresett og tankegods i heile verda.
Gjennom studiet av språket får ein innblikk i eit kulturelt og geografisk mangfold, og ein litteratur prega av opprør og tradisjon, rasjonalisme og lidenskap, individualisme og universelt engasjement.
Fagkoordinator: Øyvind Gjerstad
Studiekonsulent: Annelen Horsås
Eksamenskonsulent: Annelen Horsås
Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøna dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet. Av forskningsfelta på franskseksjonen finn ein tema som vitenskapeleg språkbruk, møtet mellom naturvitenskap og litteratur, romanteori, leksikologi og identitetsproduksjon i Karibia. Gode kunnskapar i fransk språk, litteratur og kultur er etterspurde i mange yrkessamanhengar både nasjonalt og internasjonalt, innan for skule og utdanning, næringsliv, informasjonsarbeid, media, oversetting og kulturliv.