Hjem

Utdanning

Master

Fransk, master, 2 år

  • Lengde2 år
  • StudiestartHaustDet kan bli aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt for informasjon.
  • Studiepoeng120

Presentasjon

Graden

Dette masterprogrammet fører fram til graden master i fransk. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Fransk masterstudium har som mål å gje kunnskapar på høgt nivå i fransk lingvistikk og franskspråkleg litteratur samstundes som det skal gje stor dugleik i munnleg og skriftleg bruk av moderne fransk. Masterstudiet siktar dessutan mot å utvikla ei kritisk og sjølvstendig haldning til problem og metodar innan dei vitskaplege disiplinane i faget.

Fagleg profil

Ved instituttet blir det drive forsking innanfor fransk språk, litteratur, kultur og fagdidaktikk, samt i gråsona mellom litteraturvitskap, kultur- og samfunnsvitskap.

Metode

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå fagområdet du arbeider med.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast på fransk og er ei prøve på vitskapleg arbeid innanfor fransk språk, litteratur, kultur eller fagdidaktikk. Omfanget av oppgåva er normalt 70-110 sider. Du får individuell rettleiing i arbeidet.

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

Kva kan eg bli

Yrkesvegar

Ein mastergrad i fransk gjev god bakgrunn for undervisningsoppgåver på høgre nivå og for arbeid både i offentleg sektor og innan privat verksemd på felt der det internasjonaliserte samfunnet stiller store krav til språk- og kulturkunnskapar. Fransk masterstudium er òg utgangspunkt for forskarutdanning innan fransk lingvistikk og litteraturvitskap. Normert studietid for fransk masterstudium er fire semester.

Kva lærer eg

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha føljande læringsutbytte:

Kunnskap:

Studenten

  • har brei generell kunnskap innanfor disiplinane fransk lingvistikk og franskspråkleg litteratur
  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale problemstillingar, teoriar og metodar innanfor gjeldande fagområde
  • har djupnekunnskapar i det avgrensa fagområdet masteroppgåva inngår i

Ferdigheter:

Studenten

  • kan uttrykkja på munnleg og skriftleg fransk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
  • kan omsetja tekstar innan ulike sjangrar og vurdera kontrastive aspekt ved fransk og norsk
  • kan arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • kan setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • kan skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
  • kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering

Utveksling

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/MAHF-FRAN#uib-tabs-utveksling

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Korleis søke

Opptakskrav

Bachelor- eller Cand.mag.-grad med spesialisering (90 studiepoeng) i fransk, eller liknande utdanning.

Studentar som ønskjer å søkja opptak til masterprogram i fransk på anna grunnlag enn det som er oppgjeve å vera godkjend spesialisering i faget (sjå studieplanen for fransk), må søkja om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehalda karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og utgreiing om dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjast ved søknaden til masterprogrammet.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak til masterstudiet er bachelorgrad med spesialisering på minst 80 studiepoeng i framandspråket, med snittkarakter C eller betre, i dei emna som inngår i spesialiseringa. 

Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogrammet på anna grunnlag, vert oppmoda til å søkje om godkjenning innan 1.mars for opptak i haustsemesteret. Søknaden må innehalde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og emneskildringar for dei emna søkjaren meiner skal koma i staden for ei ordinær spesialisering. Godkjenninga må leggjast ved søknaden til masterprogrammet. Sjå den enkelte studieprogramsida for meir informasjon og fristar.

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du her:

http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/opptak-til-masterstudium-ved-det-humanistiske-fakultet.

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

Oppbygging

Masterprogram i fransk (krav 120 SP)
Masterprogram i fransk - kursdel (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
Fransk litterær og lingvistisk teori: tekststudiar med prosjektskriving
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
FRAN307Språkleg særemne151–41
FRAN308Litterært særemne151–42
Vel eitt av emna
EmnekodeEmnetittelSPSA
FRAN309Grammatikk og omsetjing/omsetjingsteori151–42
FRAN311Grammatikk og litteratur151–42
Masterprogram i fransk - rettleiingskontrakt
Obligatorisk emne
Rettleiingsavtale for masterstudentar i fransk
Masterprogram i fransk - oppgåve (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
FRAN350Fransk mastergradsoppgåve601–43
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Fransk

Motta mer informasjon

Få mer informasjon om studier ved UiB

* obligatorisk felt

Hvilken grad ønsker du å ta?
Hva er du interessert i?